Hopp til innhold

Haaland-spøken til City-stjerna vekte oppsikt – meiner denne detaljen gjer dei unike

Det norsk-belgiske radarparet til Manchester City er igjen skadefrie. NRKs fotballekspert meiner måten Kevin De Bruyne skil seg ut er grunnen til suksessen.

zhsMwyCbF7I

GOD KJEMI: Kevin De Bruyne og Erling Braut Haaland har god tone både på og utanfor banen. Det kom til syne på Instagram i dette innlegget.

Foto: Montasje NTB / AFP/Skjermdump Instagram

Duoen Erling Braut Haaland og Kevin De Bruyne har begge slite med skadar denne sesongen. Før kampen mot Luton tysdag hadde dei berre vore på banen saman i 322 minutt.

Mot Luton viste dei kvifor ekspertane og City-manager Pep Guardiola lovprisar den heilt utrulege forbindelsen mellom dei to.

På dei 77 minutta dei var saman på banen mot Luton, blei det heile fem mål for Haaland. På fire av dei slo De Bruyne den målgivande pasningen.

– Sjå på kva han gjer! Han gjer det han er best til. Det er ei glede å spele med han, sa Haaland til ITV etter kampen tysdag.

– Eg trur vi veit kva vi begge ønsker frå kvarandre. Vi ser ofte på kvarandre i løpet av kampen og det klikkar bra. Han er ein smart fyr og eg liker å spele med smarte fyrar, sa Haaland vidare.

Les også Historiske Haaland scoret fem: – Heitest i hele fotballverden

do_tl5ocRYU

Guardiola: Dei treng kvarandre

I ITV-studioet sa tidlegare Manchester United-kaptein Roy Keane at Haaland «er ei maskin». I same studiosending skrytte den tidlegare Arsenal-helten Ian Wright av duoen Haaland og De Bruyne.

– Viss dei klikkar, så treng dei ikkje mykje tid. De Bruyne treng ikkje mykje tid og rom til å slå desse pasningane, sa Wright.

Det er det beste kombinasjonsspelet eg har sett. Det er mogleg Lionel Messi vil ha eit ord med i laget, men samarbeidet mellom De Bruyne og Haaland var sensasjonelt i kveld, sa Luton-manager Rob Edwards etter kampen.

På pressekonferansen etter kampen blei naturlegvis også Pep Guardiola spurd om samarbeidet mellom dei to City-stjernene.

– Eg trur Erling treng ein fyr med det overblikket, kvaliteten og sjenerøsiteten. Kevin er mindre egoistisk framfor mål, og viss han kunne hjelpt han med å skåre ytterlegare eitt mål, så ville han gjort det, sa Guardiola, og la til:

– Kevin treng bevegelsane til Erling. Dei er veldig aggressive.

De Bruyne Haaland

RADARPAR: Kevin De Bruyne og Erling Braut Haaland herja mot Luton.

Foto: AFP

Står bak 20 prosent av Haalands mål

Belgiaren og jærbuen har vist over lang tid at dei har ein spesiell kjemi når dei er ute på banen.

Beskrivande nok: Da Haaland i 2022 publiserte eit bilde på Instagram-kontoen sin av at han var ute og åt på restaurant, dukka De Bruyne kjapt opp i kommentarfeltet:

«Vil du at eg skal halde menyen og assistere deg?», spøkte midtbanespelaren. Kommentaren vekte oppsikt og sanka inn mange titals tusen «likarklikk» på kort tid.

d
Foto: Skjermdump / Instagram

Kjemien både på og utanfor banen har berre fortsett å vere oppsiktsvekkande god.

Sjølv om dei berre har vore på banen saman i 399 minutt denne sesongen, er De Bruyne allereie den enkeltspelaren som har assistert Haaland flest gonger denne sesongen med fem målgivande pasningar.

Bak har både Julián Alvárez og Bernardo Silva tre målgivande pasningar til Haaland i 2023/24-sesongen.

Også førre sesong var De Bruyne den som hadde flest målgivande pasningar til Haaland med totalt elleve, seks meir enn den City-spelaren med nest flest.

Totalt har dermed De Bruyne assistert på 16 av dei 79 skåringane hans for Manchester City, noko som svarer til 20,3 prosent av skåringane til nordmannen.

– De Bruyne er på eit anna nivå enn dei fleste andre. Så når han får tak i ballen, er innstillinga di som spiss: Beveg deg. Kom deg fri, for du veit at han vil finne deg, uttalte tidlegare storskårar Alan Shearer etter Citys siger mot Everton tidlegare i februar.

Der noterte De Bruyne seg for den første Haaland-målgivande pasningen sin for sesongen.

Etter kampen tysdag kom også Haaland med eit lite skremmeskot til konkurrentane, i det som ser ut til å bli ein heseblesande kamp om Premier League-tittelen. Med tolv kampar igjen er City på andreplass, eitt poeng bak Liverpool og eitt poeng føre Arsenal.

– Forma mi blir betre. Endeleg kjenner eg meg bra. Det er ei fantastisk kjensle. Vi er på veg. Det blir spennande tider framover, sa Haaland til ITV.

Hvem utgjør fotballens beste duo siden 90-tallet?

Meiner De Bruyne har ei anna oversikt

NRKs fotballekspert og Viking-spelar Kristoffer Løkberg meiner det er ein grunn til at duoen har blitt ein av dei mest effektive radarpara i fotballen dei siste sesongane.

Løkberg trekker fram eit sitat han har bite seg merke ifrå belgiaren: I hans beste kampar mislykkast han nesten meir enn han lykkast, har De Bruyne uttalt.

– Eg vil tru han prøver å finne Haaland oftare enn dei andre City-spelarane. Han har også høgare risiko enn dei fleste andre i pasningsspelet sitt, som bidrar til stor gevinst dei gongene han lykkast, seier Løkberg.

– De Bruyne har i større grad enn mange av dei andre i City-angrepet oversikt over fjernområdet og ikkje berre nærområdet. I tillegg prioriterer han å bruke dette oftare enn fleire andre. Dette er ofte da romma til Haaland er hakka større òg, som han da igjen profitterer på, legg han til.

Kristoffer Løkberg

IMPONERT: Kristoffer Løkberg meiner Haaland og De Bruyne har blitt som eit spisspar å rekne.

Foto: Nicolai Eid Trondal

Løkberg meiner De Bruyne-Haaland er omtrent som eit spisspar å rekne i den moderne fotballen.

– Det er ikkje så mange lag nå som speler med to reine spissar som kombinerer seg imellom, slik vi kanskje blei bortskjemte med tidlegare. Eg voks opp med å late som eg var Andy Cole-Dwight Yorke på løkka viss vi spelte «tomannscup», den typen radarpar er nesten borte. Nå er det gjerne ein kantspelar, eller den offensive midtbanespelaren og spissen, som finn link seg imellom, seier Løkberg.

Eller som Guardiola samanfatta det sjølv etter den nemnde kampen mot Everton tidlegare i februar:

– Dei har ferdigheiter på den siste tredelen til å skape noko som ein ikkje finn i statistikkane, i bøkene, i geniale managerar ... Det kjem frå dei, uttalte Guardiola.

null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal