Erling Braut Haaland såg lenge ut til å slite framfor mål i kveldens kamp mot Zenit St. Petersburg, men på overtid losna det.
For både Borussia Dortmund og Haaland sleit mot Zenit. Nordmannen bomma på ein stor sjanse i førsteomgang, men jærbuen går sjeldan av banen utan å skåre.
Med kveldens skåring har Haaland 12 mål på 10 meisterligakampar.
– Det er tal for historiebøkene, konstaterte TV 2s kommentator Øyvind Alsaker.
Det er inga overdriving. Faktisk er Haaland i ein klasse for seg sjølv. Simone Inzaghi, Harry Kane og Sadio Mané er nærast på lista. Dei hadde ni mål på sine 10 første kampar i den gjævaste klubbturneringa i Europa.
Cristiano Ronaldo, som har flest skåringar i meisterligaen (130), gjekk 26 kampar utan mål før han skåra sitt første. Lionel Messi skåra to på sine ti første kampar i meisterligaen.
Ronaldo brukte 47 kampar på å kome til 12 mål, Messi 25 kampar.
Berre to gonger så langt i karrieren har Haaland gått av bana utan skåring i meisterligaen.
– Viktig mål
Jadon Sancho sette inn Dortmund sitt første på eit straffespark. Haaland måtte vente på si skåring, men på overtid blei han spelt gjennom aleine med keeper, og da var han sikker.
– Det kjennest veldig bra. Det er ikkje så mykje meir å seie om det, sa Haaland med eit smil til britisk TV.
– Det var eit viktig mål for meg i dag, og ein enda viktigare siger, fortsette han, og siktar til at Dortmund tapte første kamp i gruppespelet mot Lazio.
Kan bli toppskårar
Nordmannen fekk seg også ei skåring i 3-1-tapet mot Lazio i den første kampen. No som han står med to skåringar på to kampar trur TV 2s fotballekspert at han kan bli toppskårar i meisterligaen.
– Det kan han sjølvsagt bli. Lewandowski er favoritt til å bli toppskårar, men no har Haaland to mål på to kampar. Sånn denne gruppa er, trur eg Dortmund kan vinne med tre-fire mål i enkelte kampar. Han er fenomenal og heilt utypisk norsk. Me har ein av verdas aller beste fotballspelarar, seier Jesper Mathisen.
I Bundesliga har Haaland skåra fem mål på fem kampar til no i sesongen. Lewandoski har ti på like mange kampar.
Sleit lenge
Borussia Dortmund vann kampen 2-0, men dei sleit lenge mot Zenit St. Petersburg. Haaland hadde sine sjansar, men dei russiske meistrane låg kompakt.
– Zenit er eit bra lag, og gjorde det vanskeleg for oss. Det er tre poeng som gjeld, konstaterte Haaland.
Dortmund har no tre poeng etter to Meisterliga-kampar. I den andre kampen i gruppa spelte Club Brugge og Lazio 1–1. Dei ligg begge over Dortmund med fire poeng.