Sportsleg leiar Josten Grindhaug har vore taus etter at det blei klart av Mark Dempsey forlét Haugesund tidlegare i veka.
Laurdag braut han stillheita, då han inviterte til pressekonferanse etter eliteseriekampen mellom Haugesund og Viking.
– Eg følte meg som Norges mest ettersøkte mann på torsdag, då eg var på ferie på Kypros. Det blir siste gong eg reiser på ferie på ei stund, for å sei det slik.
Slo attende
Dempsey trakk seg på torsdag, etter å ha følt seg undergravd av klubbleiinga i lang tid.
– Det handlar om kommunikasjonen og forholdet mellom meg og personar i FK Haugesund. Eg følte det blei øydeleggande for det me ønska å oppnå, sa Dempsey til NRK den gong.
Til TV 2 og VG meldte han også at det var særleg samarbeidsproblem med Grindhaug som var utfordringa.
Grindhaug fortalte i dag at han ikkje kjenner seg igjen i den kritikken, og seier han har hatt eit godt forhold til Dempsey.
– Det er mogleg eg er stokk stein dum, men eg har sett på Mark som ein venn. Eg skulle gjerne gitt han ein god bamseklem etter sigeren, sjølv i dag etter alt som har skjedd.
Han synest også at det er kjedeleg å få den type kritikk frå Dempsey.
– Det har vore sårt å høyre at eg ikkje har gjort ein god nok jobb.
– Tydeleg arbeidsfordeling
Eit av dei kritiske punkta for Dempsey, var at Grinhaug blanda seg for mykje inn.
– Han (Grindhaug) blanda seg for mykje i mine sportslege vurderingar og oppgåver. Det handla for eksempel om kven eg skulle ha som assistenttrenar, der han ikkje likte mitt forslag og dikterte kven eg skulle ha, hevdar Dempsey.
Grindhaug meiner han og Dempsey har hatt tydelege linjer i arbeidsfordelinga.
– Arbeidsfordelinga har vore tydeleg heile vegen. Eg har inntrykk av at Mark har forstått sine arbeidsoppgåver. Eg har vore bevisst på å gje dei stort spelerom. Eg har overlatt alt ansvaret til trenarane.
Derimot seier Grindhaug at oppseiinga ikkje kjem overraskande.
– Det er ikkje overraskande at han seier opp, men det er overraskande at han angrip meg. Det er den enklaste utvegen.
Trass urolegheitene rundt klubben den siste veka, viste Haugesund styrke når dei slo Viking 4-1 på heimebane tidlegare i kveld.