– Vi har teke to poeng i opninga, og har fått ein perfekt start mot eit rumensk lag som var betre enn vi trudde, oppsummerte NRK-ekspert Øystein Havang.
Det gjorde godt for eit lag som tapte opningskampen både i VM i fjor (mot Russland) og OL i sommar (mot Brasil).
Det stod 7–7 etter 15 minutt. Norge braut og sette spelet raskt i gang. Framspelet frå målvakt Kari Aalvik Grimsbø mot Camilla Herrem var ikkje berre centimeter-presis, det klaffa på millimeteren.
Herrem tok ballen elegant ned med venstrehanda, og sette inn 8–7 og Norge var i leiinga for første gong. Sekund seinare var det 9-7, og leiinga skulle dei aldri gi frå seg.
– Det gjekk litt opp og ned, men vi vann, var Herrems jordnære kommentar til TV 3 etter kampen. – Eg er fornøgd med full utteljing, seier ho.
Før Herrem-pasninga hadde Romania scora sju gonger, og Norge hadde utlikna kvar gong.
Vendepunktet
Millimeterpasninga skulle vise seg å bli vendepunktet. Norge gjekk opp i tomålsleiing sekund seinare, og såg seg aldri tilbake. Ved pause leia Norge 13–11.
– Vi er litt for defensive i starten, men får løfta oss, sa landslagssjef Thorir Hergeirsson.
Nora Mørk var den store offensive behaldinga i første del av kampen, med seks mål på sju skot.
– Nora har sett standarden framover. Men vi er for svake på målvaktspel, sa Havang.
Toppscoraren sov dårleg i natt
– Eg er ikkje nøgd med utteljinga i det heile tatt. Det er litt irriterande. Samstundes er det godt å sitje med ei to poenga, og dermed har vi mykje å gå på. Vi slo Romania, som vi jhar hatt problem med før, sa Mørk til NRK.
– Eg sov dårleg i natt. Det var mykje som skulle ut i dag, sa ho til TV3.
Kaptein Stine Oftedal synest det var mykje rot, og ho var ikkje nøgd med det ho sjølv presterte.
– Eg surra mykje og gjorde mange feil. Det er ikkje heilt som det skal. Men det er sjeldan pent i opningskampar, og eg er glad vi vinn
Romania låg heile tida i andre omgang eitt til tre mål bak, og Norge greidde ikkje å riste rumenarane heilt av seg.
– Slutt å tenkje på dommarane. Spel ballen, tora landslagssjef Thorir Hergeirsson under timeout åtte minutt før slutt. Då hadde Romania nettopp redusert til tomålsleiing for Norge.
Og Norge var aldri trua i dei siste minutta. Opningskampen enda med to poeng. No ventar Kroatia onsdag. Kroatia tapte for Russland i dag.