– Det har vore veldig mykje styr eigentleg.
Pål Golberg sit på båten som fraktar han og dei tidlegare landslagskompisane inn Lysefjorden.
Alle kompisane rundt han er på landslaget. Pål Golberg hamna utanfor det gode selskap i vår etter ein sesong prega av mykje sjukdom.
– Det sat nok i lenger enn det eg kunne erkjenne. Det var surt sidan eg berre hadde ein dårleg sesong.
– Nå har eg ingenting
Vrakinga frå landslaget er ein ting. Det som kom etterpå har eigentleg vore enda vanskelegare å takle for hallingdølen.
I vår var han fyrst i kontakt med Thomas Alsgaards langløpslag Team Leaseplan. Golberg var interessert, men da det dukka opp eit anna tilbod frå eit heilt nytt lag freista det meir.
– Nils Marius Otterstad tok kontakt og sa han hadde eit nytt lag på gang. Det skulle bli meg, Chris Jespersen og Morten Eide Pedersen blant anna. Han meinte det var heilt bankers. Det var vel midten av juni og eg var på veg til å signere, fortel Golberg.
Mailen med kontrakten hadde kome, sponsoren var klar, fortel han. Men plutseleg kom det ein telefon.
– Nils Marius hadde meldt seg ut fekk eg beskjed om. Han hadde sagt meir enn han hadde lov til og lurte oss rett og slett. Så nå har eg ingenting.
– Føler du at du sit igjen med svarteper?
– Ja, det gjer eg jo definitivt. Om eg kunne skrudd tida tilbake til mai hadde eg sjølvsagt takka ja til Thomas (Team Leaseplan,journ.merk). Men det er litt seint nå. Eg må berre gjere det beste ut av det.
– Trist situasjon
Nils Marius Otterstad kjenner seg ikkje igjen i forteljinga til Golberg. Som tidlegare teamsjef for Aukland-brørne, blei han leigd inn som rådgjevar for det som skulle bli eit nytt privatlag.
– At han føler seg lurt stiller eg meg uforståande til. Eg tok kontakt med utøvarar, men skulle ikkje ha ansvar for teamet sjølv, seier Otterstad.
Han legg til at han synest dette er ein svært trist situasjon for Golberg.
– Dette er kjempekjedeleg for han. Eg håpar verkeleg det ordnar seg for Golberg.
Satsar mot Lahti
26-åringen frå Gol gjev seg ikkje, og skal gje alt på trening for å nå vinterens store mål i Lahti - der han har vunne eit av sine tre verdscuprenn.
– Det er ikkje så moro å reise ut på trening, når du veit det berre er deg. Det er litt sånn blanda kjensler akkurat nå. Uansett ville det vere dumt å gje seg fordi ein er forbanna.