Kampen enda mållaust etter 90 minutt med stillingskrig, liten vilje til å ta sjansar, og få gjennombrot og målsjansar.
Det var i første omgang kampens mest omstridde hending skjedde. Uniteds midtstoppar la både armar og bein rundt Chelseas kaptein César Azpilicueta og heldt han fast inne i feltet.
– Ingen «clear and obvious mistake», meinte VAR-folka. Dommaren godtok det, og United slapp unna.
Solskjær uttalte seg ikkje om straffesituasjonen. Han nemnde i staden at det var to lag som hadde vore i aksjon i meisterligaen midt i veka, og at det viste seg spesielt i første omgang.
– Vi var gode defensivt og skapte sjansane som kunne ha gitt oss sigeren. Vi har bak oss ei solid veke med to sigrar og ein uavgjort, sa Solskjær.
– Kjende armar og bein rundt halsen
Chelsea kapteinen meinte der og då at det var straffe.
– Eg kjende armane hans rundt hals og skulder, ja, sa han, og meiner dommaren burde gjort litt meir.
– VAR er der, og situasjonen er 50–50. Det burde vere fort gjort for dommaren å granske det, sa Azpilicueta til Sky Sports.
– Det er ingen kritikk. Vi må alle gjere vårt for å skape ein betre liga, la han til.
Chelsea-manager Frank Lampard var klokkeklar.
– Utan tvil. Det var ein klar straffe.
I staden hadde Marcus Rashford to store sjansar til å gi Ole Gunnar Solskjær og United sigeren.
I første omgang var han åleine gjennom, men Chelsea-keeper Edouard Mendy redda med beinet.
På overtid var også Chelseas sisteskanse igjen god og slo ut Rashfords godt plasserte skot.
Nesten Cavani-scoring i debuten
Uniteds «deadline day-kjøp» Edinson Cavani kom innpå etter 58 minutt, og var centimeter unna å score etter berre nokre sekund av United-debuten.
Første omgang blei sjansefattig og lite underhaldande. Chelsea hadde nok ballen mest, men utanom Marcus Rashfords store sjanse var det aldri veldig farleg.
Mest underhaldande var det då Chelsea-keeper Mendy skulle spele ut til ein medspelar på femmeteren. Men han trefte ballen heilt feil, og den gjekk til corner, farleg nær sjølvmål. Den var det nesten litt Bjarte Flem over.