– Ingen har gjort det før, så nokon må vere den første, seier Johannes Thingnes Bø, vel vitande om fallhøgda han nettopp har skapt.
23-åringen skal ta medalje i alt, og vinne det han kallar eit kappløp med Emil Hegle Svendsen og Martin Fourcade.
– Det er seks distansar i VM. Målet er å vere i god nok form til å å gå alt, og då er medalje innanfor rekkevidde i kvart løp, seier Thingnes Bø.
Kamp om å kopiere Berger
Bare Tora Berger har klart å vinne seks medaljar i eitt VM. Ingen på herresida har «full pott» etter at mixed stafett kom på programmet for ti år sidan.
– Det vil vere ei kjempestor bragd. Tarjei (Bø), Emil (Hegle Svendsen) og Martin (Fourcade) tar klart fem medaljar, så dette er eit «førstemann-til-å-klare-det»-opplegg, seier Thingnes Bø.
På ti renn har stryningen to pallplassar individuelt i verdscupen denne sesongen, men var også nær å betre statistikken fleire gangar før jul. Det er no seks renn sidan Thingnes Bø stod på pallen sist.
Førre helg var han var langt unna ein slik prestasjon i Ruhpolding. Etter ei veke med sjukdom fekk han ein tøff start med 37.-plass på sprinten, men gjekk seg opp til 15.-plass på jaktstarten.
Denne helga skal han klokke inn konkurranseformen i Anterselva, og får klapp på skuldera av NRKs skiskyttarekspert for å våge å snakke høgt om store VM-mål.
– Det er den offensive haldninga som gjør han så god. Men det blir i tøffaste laget å nå seks medaljar fordi det er så mange andre gode i feltet, og fordi Johannes ikkje har vist «den» stabiliteten i år, seier Lunde.
Svendsen «latterleggjør» medaljemål
Emil Hegle Svendsen, som har levert sterke resultat etter nyttår, er mest opptatt av å jekke ned ein ambisiøs Thingnes Bø enn å ha liknande medaljemål.
– Det har eg ikkje tenkt så mykje på. Det viktigaste er å gå gode renn. Medaljar har eg nok av frå før av, seier Svendsen, og snur seg glisande mot Thingnes Bø.
Svendsen (31) har 21 VM-medaljar mot Thingnes Bøs seks, og sjølv om Thingnes Bø har flest dei to siste meisterskapa er Svendsen kjapp med å erte lagkameraten for å ha feil fokus.
– Ein må heller fokusere på det som fører til at ein tar medaljar. Han ungguten der skjønnar ikkje det. Han har bare dollarteikn i augene når han går renn, legg ein humoristisk Svendsen til.
Thingnes Bø lar seg tilsynelatande ikkje prege, og er klar for meir pepper frå langt fleire enn lagkameraten om han ikkje klarer målet om seks medaljar i Hochfilzen.
– Det skadar ikkje å gå høgt ut. Eg får bare svi for det sjølv, og det toler eg, seier Thingnes Bø.