– Vi vil bruke merkevara Landsskyttarstemnet for å skilje det ut frå alle NM, seier kommunikasjonssjef Terje Westvik i Det frivillige skyttervesen (DFS) til NRK.
Men det er ikkje alle samde i. Styret i DFS vedtok i april å be skyttartinget om det, men med så knapt fleirtal som med 4 mot 3 stemmer.
– Landsskyttarstemnet er eit merkenamn på det stemnet vi har kvar sommar. Det skal ikkje utvatnast, seier Torben Knudsen til NRK.
Knudsen er styremedlem i DFS, og var den som på styremøtet i april fronta mindretalsforslaget.
Truleg innført frå 2021
Striden gjeld namnevalet på det nye store innandørsstemnet som DFS-styret foreslår å innføre, truleg frå 2021.
Westvik forsvarer bruken av Landsskyttarstemne-namnet, som er ei merkevare DFS har bygd opp sidan 1890-talet.
– Nokon meiner at det kan devaluere bruken av namnet. Men vi må ta styringa over marknaden for innandørsskyting, og ved å bruke Landsskyttarstemne-namnet held vi fast ved at dette er eit breiddearrangement. Vi kan ikkje kalle det NM, for det har Noregs Skytterforbund, og vi kan kome i namnekonflikt med vår gode samarbeidspartnar, seier Westvik.
Det er ikkje Knudsen samd i.
– Det må kunne la seg gjere å finne eit namn som skil seg ut, utan å trekkje inn merkevarenamnet Landsskyttarstemnet, seier han.
Knudsen er frå Stokmarknes i Vesterålen, og seier at dette er grundig diskutert i hans landsdel.
– Eg er sikker på at vi i Nord-Norge er samde om dette. Så vil det vise seg om resten av landet også er med, seier Knudsen, som ventar ein frisk diskusjon om namnet på tinget på Evje torsdag.
500 innandørsbaner i Noreg
– Men det er namnet vi er usamde om. Vi er ikkje imot eit landsomfattande miniatyrstemne i DFS-regi, presiserer han.
Om tinget vedtek det, skal detaljane utgreiast og takast opp til ny vurdering på tinget neste år. Allereie frå i år er det avvikla landsdelskrinsstemne i miniatyrskyting innandørs.
Innandørsskyting med finkalibra våpen på 15 meters avstand er ei grein med sterk vekst innan DFS.
– Det er rundt 500 godkjende baner i Noreg, og vi arrangerer fleire miniatyrstemne om vinteren enn banestemne om sommaren, seier Westvik. – Med elektronikken dei siste åra har det blitt enkelt å arrangere.
Forslaget går ut på at Landsskyttarstemnet innandørs skal arrangerast over tre dagar. Det skal skje i idrettshallar der det må plasserast baner som har plass til minst 40 skiver, med tanke på at opptil 1000 skyttarar kvar dag skal kunne gjennomføre programmet.
Stemnet blir lagt til november, og det skal overførast på tv.
Derfor må det også leggast til sentrale stader med god nok hotellkapasitet i nærleiken. I sakspapira blir Letohallen i Eidsvoll, nær Gardermoen, nemnt som eig eigna stad for det første innandørs Landsskyttarstemnet.