– Dette dokumentet er gammalt og ikkje frå OL i Rio, seier danske Jakob Fuglsang. Han er ein av dei som har fått sine påståtte medisinske oppysningar offentleggjorte etter data-hacking.
Den danske syklisten med sølv frå landevegsrittet i Rio er ein av 41 olympiske medaljevinnarar som er namngitt i det siste sleppet frå den russiske gruppa Fancy Bears, som nyleg har hacka seg inn i WADAs database.
Dokumentet som skal vise at Fuglsang hadde lov – såkalla TUE-sertifikat – til å bruke stoffet triamcinolone. Det er eit steroid som kan brukast til å behandle skader.
Ikkje signert av lege
Dokumentet som er offentleggjort, er heller ikkje signert av lege. Og det står at Fuglsang skal delta i VM i terrengsykling, ikkje OL i landevegssykling. Men det er presentert under logoen til Rio-OL.
– Det er eit fabrikkert dokument. Eg veit ikkje kor rett det er, men det er iallfall ikkje eit TUE som eg har hatt i Rio, seier Fuglsang til dansk TV2.
TUE er ein dispensasjon til å kunne bruke eit stoff som i utgangspunktet er ulovleg.
Fuglsang sjølv seier at han fekk lov å bruke stoffet i samband med eit kneproblem før VM i terrengsykling i 2008.
107 utøvarar utleverte
Den russiske hacker-gruppa Fancy Bears har hacka seg inn på medisinske filer i WADAs datasystem, og har i fem omgangar lagt ut sensitive medisinske opplysningar om totalt 107 medaljevinnarar frå OL i Rio.
Ingen av dei 107 er norske. Men seks av dei er danske og ein er svensk. Blant dei danske er symjaren Pernille Blume.
Alle opplysningane gjeld utøvarar som av medisinske grunnar har lov til å bruke midlar som elles er forbodne. Ingen av dei har med andre ord gjort noko ulovleg.