NRK Meny
Normal

Dansk antidopingsjef om lekkasjane: – Dette er Russland mot Vesten

Leiaren for det danske antidopingbyrået ser på hackinga av Wada som ein konflikt på politisk nivå.

Pernille Blume

OFFER: Pernille Blume, som tok OL-gull i Rio, kan lovleg bruke astmamedisin. - Her er ho eit offer, meiner den danske symjepresidenten

Foto: MICHAEL DALDER / Reuters

Den danske symjaren og gullvinnaren Pernille Blume er ein av dei som har fått sine medisinske opplysningar offentleggjort etter hackinga.

Leiaren av Anti Doping Danmark Michael Ask er ikkje i tvil om kva målet til den russiske hackergruppa er.

– Dei prøver å skape splid og mistillit til antidopingsystemet. Det er ikkje tilfeldig at Pernille er med i denne runden av avsløringar. Det heng nok saman med at Danmark har vore aktive i kritikken mot russarane og deira statsstyrte dopingsystem.

Dette er ein konflikt på politisk nivå med Russland på den eine sida og den vestlege verda på den andre, seier Ask til avisa BT.

Den russiske gruppa Fancy Bears har offentleggjort sensitive medisinske opplysningar om 29 utøvarar som deltok i OL i Rio.

Trur russisk tryggingspoliti medverkar

Russiske styresmakter avviser på det sterkaste at dei har noko med avsløringane å gjere. Det trur ikkje Ask på.

– Eg trur at hackergruppa kan knytast til Russland og det russiske tryggingspolitiet, seier han til BT.

Russlands ambassade i Oslo har tidlegare overfor NRK avvist at Russland har noko som helst med Wada-hackinga å gjere.

Ask avviser blankt at det er noko suspekt over dei utøvarane som har fått sine medisinske opplysningar offentleggjorte.

– Hacker-gruppa prøver å få det til å sjå ut som at heile systemet er rote, og at vestlege idrettsfolk er like dopa som dei rusisske. Men slik er det ikkje. Det er to vidt ulike ting. Det er viktig å slå fast at det ikkje er noko fordekt ved TUE-ane til utøvarane, seier Ask.

TUE er eit sertifikat som gir utøvarane løyve til medisinsk å bruke stoff som i utgangspunktet er ulovlege.

– Pernille er det uskuldige offeret

Det danske symjeforbundet er rysta over lekkasjane.

– Når utøvarane gir opplysningar (til Wada), skal ein ha tillit til at uvedkomande ikkje får tilgang til dei. Det er krenkande, seier kommunikasjonsansvarleg Nora Thomsen i Dansk Svømmeunion til Danmarks Radio.

Ho har snakka med Blume i dag.

– Ho er lei seg for det som har kome ut. Ho er redd for at folk kanskje ikkje forstår at ho ikkje har gjort noko gale, og at ho derfor ikkje slepp unna mistankar, seier Thomson til BT.

For Danmarks symjepresident Pia Holmen Christensen er det ei sak som er viktig å understreke:

– Pernille har ikkje gjort noko gale, seier Christiansen til Ekstra Bladet.

– Det er Pernille som er offeret her. Og så skal ein lese at ho er dopingmistenkt. Det er pissprat, seier symjepresidenten.

At Pernille Blume brukar astmamedisin er ikkje hemmeleg. Ho har vore open om at ho fekk astma i 2010.

Siste nytt

  • Celtic og Ajer fikk bank i Russland

    Kristoffer Ajer fikk en stri kveld på jobb i Celtic-forsvaret borte mot russiske Zenit St. Petersburg. Skottene tapte 0-3 og røk ut av europaligaen. Celtic vant hjemmekampen 1-0, men det skulle vise seg å være et altfor lite forsprang mot russerne.

    Scottish Premiership - Celtic vs Rangers
    Foto: Russell Cheyne / Reuters
  • Buick fortsetter å levere i Dubai

    Den norske jockeyen William Buick vant torsdag to nye galoppløp i Dubai. Med det håvet han inn over 18,6 millioner kroner til fornøyde hesteeiere. 28-åringen tok sine to siste seirer med hestene Folkswood og Walton Street.

    Video Norsk jockey gjør kometkarriere i England
    Foto: Nyhetsspiller
  • Lars Sætra tilbake i Godset

    Midtstopperen Lars Sætra (26) vender hjem til Strømsgodset. Sætra har skrevet kontrakt med drammenserne ut 2019-sesongen. Midtstopperen har tidligere vunnet både cup og serie med Strømsgodset. Han har trent med Godset den siste tiden.

    Laster Twitter-innhold

Sendeplan

Kl. Program Kanal
OL-magasin