– Dette er alvorleg og veldig dramatisk. Vi jobbar dag og natt saman med Skiforbundet for å finne løysingar vi kan leve med, seier hoppsjef Clas Brede Bråthen.
Onsdag kunne NRK fortelje at Noregs skiforbund gjekk 13,8 millionar kroner i underskot for 2019 og skipresident Erik Røste fortalde at minuset til hoppgreina på 6,2 millionar kroner var mykje av grunnen.
Etter det NRK erfarer er hopparane no bedne om å kutte årets budsjett med heile 30 prosent, frå rundt 31 millionar kroner til 23 millionar kroner. Det gir stor frykt – både for denne sesongen og for framtida for norsk hoppsport.
Fryktar å miste unik kompetanse
Bråthens mareritt er å miste den hopp-kompetansen som Noreg har brukt mesteparten av dei siste 20 åra til å byggje opp.
– Det er det som er verdien i norsk hoppsport. Den kompetansen er unik. Hoppkompetanse er ikkje hyllevare. Det finst få menneske som har høg kompetanse på idretten vår. Om vi endar opp med å miste mykje av kompetansen vår til konkurrentane, er det eit scenario vi for alt i verda ønskjer å unngå.
Førebuingane til neste sesong er også skadelidande. Enno er ikkje landslaget teke ut, og planane er ikkje klare.
– Det er ikkje heldig at ikkje laget og strukturen klar, nei. Vi har eit skiflyging-VM som er utsett til desember. Men hopparane våre trenar godt, og legg eit grunnlag som vi håpar er godt nok til at dei møter i sitt livs form.
Betenkt landslagstrenar
Landslagstrenar Alexander Stöckl ser også store konsekvensar av eit så stort budsjettkutt.
– B-laget ryk kanskje, og A-laget får kanskje færre utøvarar. Vi mistar trenarressursar, kanskje til utanlandske konkurrentar, meiner landslagstrenar Alexander Stöckl.
– På lang sikt kan det bety noko med tanke på rekruttering. Viss vi må sende færre utøvarar på renn, kan kvoteplassar ryke og vi vil få mindre merksemd, som igjen gjer at vi kan miste sponsorinntekter, held han fram.
Kina-prosjekt kosta millionar
Det er fleire grunnar til at hopparane har hamna i situasjonen, men fleire millionar gjekk tapt då kinesarane i fjor plutseleg droppa eit prosjekt fram mot OL i 2022, og ikkje gjorde opp for seg.
– Var det noko de blei tvinga til å seie ja til?
– Nei. Men vi fekk signal om at det var eit viktig prosjekt for norsk idrett. Vi meinte også at det var ein spennande prosjekt som vi kunne lære av. Og så prøvde vi å vere obs på at vi ikkje skulle tape pengar, men det var nettopp det vi enda opp med, seier Bråthen.
– I lys av etterpåklokskap ser vi at det var eit prosjekt vi aldri skulle gitt oss inn på.
Hopparane mista også sponsoren Konica Minolta før førre sesong, og dei mista inntekter då verdscupen i Granåsen og Vikersund vart avlyst.
– Vi jobbar med Skiforbundet med å finne løysingar, så vi kan sørge for å etterleve visjonen om å vere den viktigaste hoppnasjonen i verda. Det blir ei utfordring med store kutt, seier Stöckl.
– Kjedeleg å stoppe utviklinga
Også utøvarane fryktar for kva som no vil skje. Dei skulle hatt si tradisjonelle opningssamling den første veka i mai. I staden blir det trening på Olympiatoppen.
– Med det unge laget vi har bygd opp, var vi begynt å kome skikkeleg på plass, og opp til ein status eg meiner vi som lag fortener. Då er det kjedeleg å stoppe utviklinga mot å bli den viktigaste hoppnasjonen i verda, seier Daniel André Tande.
Han veit ikkje så mykje om neste sesong.
– Det vi veit, er at det kan bli ein veldig tettpakka og morosam sesong. Det kryssar vi fingrane for, seier Tande.
– Vi veit at det blir mindre budsjett og færre samlingar enn før, fortel Marius Lindvik.
– Men vi må tenke positivt og utnytte dei samlingane vi får, ekstra positivt, og heller jobbe godt i det daglege. Men det blir vanskeleg, mindre tid til å jobbe spesifikt med hoppinga. Og om det må kuttast i støtteapparatet, er det veldig dumt.
Nye Finland?
Stöckl ønsker å vere positiv, men veit at nedgangen i ein idrett kan komme fort.
Det har ein blant anna sett med hoppsporten i Finland, som gjekk frå å vere best i verda til ein skugge av seg sjølv.
– Vi såg desse teikna i Finland, med at folk forsvann til utlandet, dei fekk færre utøvarar og færre internasjonale renn, som betyr mindre inntekter. Utviklinga kan skje ganske fort, seier han.
– Ingen industri i ryggen
Hoppsjef Clas Brede Bråthen kjem også med eit stikk når han får spørsmål om å samanlikne økonomien hoppsporten med dei andre greinene i Skiforbundet.
– Vi har ingen industri i ryggen, vi må leve av den underhaldninga vi skaper sjølv rundt omkring i verda. Det er litt tungt å ikkje ha ein industri i ryggen som lever av og for at vi skal vere der, slik det er i mange av dei andre greinene i Skiforbundet.