Denne gongen har dei offentleggjort sensitive medisinske opplysningar om 25 nye OL-deltakarar i Rio. Blant dei er dei britiske syklistane Bradley Wiggins og Chris Froome, Tsjekkias tennisstjerne Petra Kvitova og den danske symjaren Pernille Blume.
Blume tok gull på 50 m fri i OL, og dei lekka medisinske journalane viser at ho har brukt astmamedisinen terbutalin, som ho har fått godkjenning for.
Ho har sjølv tidlegare opplyst at ho i 2010 fekk slått fast at ho hadde utvikla astma.
– Det å ha astma innan symjing er nærmare regelen enn unntaket, sa ho då til magasinet Astmanaut.
Derfor testa ho positivt på stoffet under Rio-OL. Men ho hadde altså offisielt lov til å bruke det.
WADA stadfesta i natt den nye lekkasjen med dei medisinske opplysningane. Med lekkasjane tysdag er no medisinske opplysningar om 29 utøvarar offentleggjort.
25 nye utøvarar i natt
Alle dei utleverte er utøvarar som brukar stoff som i utgangspunktet er ulovlege, men som har lov til å bruke stoffa av medisinske grunnar – såkalla TUE-sertifikat. Ingenting i avsløringane tyder på at dei omtalte utøvarane har gjort noko ulovleg.
Gruppa har funne opplysningane på den såkalla Adams-lista til antidopingbyrået WADA.
Dei 25 som er offentleggjorde denne gongen, er 10 amerikanarar, fem tyskarar, fem britar, og ein frå kvar av landa Tsjekkia, Polen, Danmark, Romania og Russland.
Ber Russland om hjelp
WADA meiner sjølv at innbrotet utan tvil er ein russisk hemn fordi landet er totalt utestengt frå Paralympics. Mange av dei uttekne russarane, blant andre så å seie all friidrettsutøvarane, vart også utestengde frå OL på grunn av omfattande doping.
Russiske styresmakter seier at dataangrepa ikkje kjem frå nokon del av det offisielle Russland.
– Vi har bedt russiske styresmakter om å gjere det dei kan for å stanse dataangrepa, seier WADA-direktør Olivier Niggli.
Gruppa Fancy Bears skriv at dei kjem til å halde fram med å offentleggjere medisinske opplysningar om eliteutøvarar som brukar ulovlege stoff.