«Amerikanske medaljevinnarar i Rio brukte ulovlege, sterke medikamenter og forsvarte det med sertifikat som godkjende bruken».
Det skriv hacker-gruppa Fancy Bears på si heimeside.
Gruppa har komme seg inn i Det internasjonale antidopingbyråets databaser, og funne informasjon som vil ryste idrettsverda.
«Vi hacka WADAs databaser og blei sjokkerte over det vi såg», skriv hacker-gruppa på si heimeside.
Dei skriv at dei har konsentrert seg om opplysningar om USAs medisinbruk.
«Som forventa dominerte USA medaljestatistikken i 2016-OL med 46 gull, 37 sølv og 38 bronse. Totalt 121 medaljar. USA konkurrerte godt, men ikkje rettferdig,» skriv hacker-gruppa.
Den amerikanske turn-stjerna Simone Biles, basketspelaren Elena Delle Donne og tennissøstrene Serena og Venus Williams blir utlevert.
– Dette er eit forsøk på å undergrave WADA og det globale antidopingsystemet, seier organisasjonens direktør Olivier Niggli.
Wada bekrefta hackinga tysdag kveld.
– Det er forkasteleg at sensitiv informasjon blir offentleggjort. Det er synd at hacker-grupper bryt seg inn og får tilgang. Wada skal ha eit system som er sikkert, seier Anders Solheim i Antidoping Norge.
REAGERER: WADA-direktør Olivier Niggli.
Foto: ADRIAN DENNIS / AfpFordømmer hackinga
Hackarane har fått tilgang på den såkalla ADAMS-basen. Denne inneheld sensitive opplysningar om idrettsutøvarar.
Fancy Bear-gruppa har lagt ut ein serie filer til utøvarar som er blitt definert som avvikande analytiske funn (AAF) og medisinske unntak (TUE).
Med AAF meines at stoff som WADA har på sin forbudsliste, er funne hos utøvaren, men er ikkje blitt klassifisert som doping på grunn av en medisinsk årsak.
Ein TUE er utøvarar som på grunn av skadebehandling må bruke medisiner som er på WADAs forbodsliste.
IOC fordømmer på det sterkeste slike metodar som har som einaste grunn å ødelegge ryktet til ein rein utøvar.
Også sjefen i Det amerikanske antidopingbyrået reagerer.
– Det er uhøyrt at hackarar får tilgang på konfidensiell medisinsk informasjon i eit forsøk på å sverte utøvarar og framstille dei som om dei har gjort noko gale. Utøvarane har ikkje gjort noko gale. I kvart av desse tilfella har utøvarane gjort alt korrekt kva gjeld dei globale reglane for å bruke eit spesifikt medikament, seier Travis Tygart i USADA.
Varslaren slo alarm om hacking
I førre månad opplevde WADA at den russiske varslaren Julia Stepanovas journalar var blitt utsatt for hacking.
Det var Stepanova som ropte varsku slik at WADA fikk sett i gang ei omfattande etterforsking av russisk doping.
Stepanova er for tida busett i USA.
Ein rapport blei presentert før OL i Rio de Janeiro og avslørte omfattande statsstøtta doping innan russisk idrett.
Ein talsmann for Kreml seier til Reuters at det er heilt utelukka at russiske myndigheiter skal stå bak hackinga.