– Det trengst mange ord for å forklare dette. Det var eigentleg heilt utruleg. Eg hadde jobba så hardt for å i det heile kome fram til startstreken. Og så skjedde dette, seier Froome til NRK.
To dagar før årets VM-lagtempo i Bergen viser NRK den britiske syklisten opptak frå det famøse fallet.
– Eg veit korleis dette går, ler han når opptaket tek til å rulle.
– Flytta ikkje på seg
Det var i tempoen i VM i 2006 det skjedde.
Kenyanske Chris Froome starta i sitt første ritt i Europa nokosinne. Etter mykje om og men hadde han makta å få stille til start.
Og så gjekk det gale etter berre 50 meter.
– Eg hadde studert løypa på førehand, men klarte likevel ikkje å hugse kva side vi skulle til. Funksjonæren som sto der peika til den eine sida. Han snakka med nokon. Eg nølte eit lite sekund, så tenkte eg at om eg køyrer rett fram, ville han flytte på seg. Men det gjorde han ikkje, fortel Froome, framleis lattermild ved minnet.
Artikkelen fortsetter under video
– Folk grev fram episoden
Som 21 år gammal syklist for Kenya levde han i ei heilt anna verd enn det han gjer no.
– Då var eg syklist, manager, mekanikar – alt i ein person utan støtteapparat. Eg kunne ikkje ha vore lenger frå der eg er no, seier Froome, som kjem frå ein unik dobbel med siger både i Tour de France og Vuelta á Espana i år.
– Den gongen, i 2006, hadde eg aldri drøymt om å kunne kome dit eg er no i løpet av berre litt over 10 år.
Sidan 2008 har han køyrt for Storbritannia. Det kunne han gjere fordi begge foreldra er britiske. Men den gongen køyrde han for fødelandet Kenya.
Han har blitt vist video frå hendinga fleire gonger i tida før VM.
– Det ser ut som om folk grev fram episoden nokså ofte no. Det minner meg iallfall om kvar eg kjem frå, smiler Froome.
– Og så lenge etterpå kan eg iallfall sjå den komiske sida ved det.