– Eg sa til meg sjølv at det måtte vere smertefullt etter alt han hadde opplevd, seier Fourcade til NRK.
Fourcade og Svendsen kjempa intenst om å vinne OL- og VM-gull i mange år, men duellen falma i dei siste sesongane av Svendsens karriere.
Frå 20. desember 2014 konkurrerte Svendsen i over tre år utan å vinne. Så la han opp etter OL i 2018.
I den perioden såg Fourcade på Svendsen med undring. Franskmannen skjønte ikkje kvifor nordmannen framleis var med.
«Eg lurte på kvifor han ikkje slutta. Han var ikkje lenger regelmessig på pallen, og eg såg ikkje kva interesse han hadde av å vere der», skriv Fourcade i si nye bok.
– Eg forstod det berre ikkje, seier Fourcade.
Svendsen: – Dumt å berre gje seg
Også Svendsen var til tider overraska over at han klarte å halde ut.
– Eg tenkte ofte same tanke sjølv. «Kva gjør eg her no? Eg har oppnådd det eg vil. No går det dårleg, korfor sluttar eg ikkje?» seier Svendsen.
– Då eg kom på stadion til OL i 2018 tenkte eg berre: «Dette har eg ikkje lyst til». Sjølv under OL hadde eg dei tankane der.
Men Svendsen stod i motgangen med god grunn.
I Pyeongchang tok han sin siste individuelle OL-medalje etter mange år med nedturar og slit.
– Det er dumt å berre gje seg også. Det er noko med å hauste frå den erfaringa du har bygd opp over mange, mange år. På slutten av karrieren veit du alle triksa i boka. Det er dumt å berre kaste det før du har fått utnytta det fullt ut, seier Svendsen.
Nedturane endra Fourcade
Ein kraftig trykk måtte til for at Fourcade skulle forstå det same.
Franskmannen blei knust av Johannes Thingnes Bø dei to siste sesongane og lærte seg å sette pris på andre ting enn å vinne.
Og ved å halde ut kunne han til slutt feire eit etterlengta, individuelt VM-gull i Anterselva før han la opp i vår.
– Allereie då eg konkurrerte på heimebane i Frankrike i fjor skjønte eg det. Eg var ikkje stand til å kjempe om pallen i kvar konkurranse, men då eg gjekk mot mål kjente eg at eg var stolt over publikumsinteressa vi hadde bygd opp i Annecy. Eg var stolt over å ha lagkameratar som hadde tatt over og kjempa i toppen. Eg var glad for andre ting ved sporten enn å vinne, seier Fourcade.