Hopp til innhold

Eit Google-søk endra livet til Kevin (25) – nå går historia viralt

Kevin Lidin smilte breitt da han og AC Pisa sikra ligasigeren i Italia, men det var først da 25-åringen begynte med meditasjon og blei munk at han blei lykkeleg.

Kevin Lidin

FOTBALLSPELAREN SOM BLEI MUNK: Kevin Lidin har fått mykje merksemd for livsvalet han tok for nokre år sidan.

Foto: Privat / iMONASTERY / monklifeproject.com

– Før blei eg aldri fornøgd. Nå nyt eg meir dei små tinga i livet, seier svenske Kevin Lidin til NRK.

Historia om den tidlegare profesjonelle fotballspelaren som fann ei ny retning i livet, gjennom yoga og meditasjon, har den siste tida skapt overskrifter over heile kloden.

Alt frå store medium i Sverige og Italia til Spania og Kina har trykt bilda av Lidin med barbert hovud, iført ei oransje kappe.

Lidin valde nemleg å leve som munk i ein periode i Thailand.

Kevin Lidin

NYTT LIV: Kevin Lidin fortel at meditasjon har forandra livet hans.

Foto: IMONASTERY / MONKLIFEPROJECT.COM

– Eg pleier ikkje å lese nyheiter. Det er faktisk ikkje noko eg legg vekt på. Men det er sjølvsagt gøy å få tilbakemeldingar om at mange blir inspirerte til å fokusere meir på helse og sunnheit, seier Lidin om dei mange medieoppslaga.

Slik blei han munk

25-åringen frå Lund fortel at fotballen lenge var det viktigaste i livet hans.

Midtbanespelaren var innom aldersbestemte landslag og fekk etter kvart utanlandsdraumen oppfylt da han mellom 2018 og 2020 spelte profesjonelt for AC Pisa og Paganese i Serie C i Italia.

Kevin Lidin

LANDSLAGET: Kevin Lidin blei tatt ut på aldersbestemte landslag for Sverige.

Foto: BILDBYRÅN

Sjølv om han opplevde suksess og opprykk til Serie B med Pisa, var tida i Italia utfordrande. Han sleit med å kommunisere med lagkompisane og fann seg ikkje heilt til rette.

Lidin pådrog seg også fleire skadar, og til slutt fekk han beskjed om at han måtte gjennom seks operasjonar for å fortsette karrieren.

Da tok fotballspelaren det tunge valet om å legge opp.

– Det var trist, men eg var også letta. Det var så mykje stress og indre uro knytt til skadane. Fotballkarrieren min var inga god oppleving. Det var mykje liding, seier Lidin.

Avgjerda blei eit viktig vendepunkt for Lidin.

Gjennom søstera blei han introdusert for yoga og meditasjon. Han blei frelst av livsstilen og reiste etter kvart til Thailand, der han jobba som yogainstruktør på øya Koh Phangan.

Ein dag googla han:

«Korleis blir ein munk?»

Google-søket kom til å forandre livet hans.

Kevin Lidin

30 DAGAR: Dette var livet til Lidin i ein månad i fjor. Området der munkane held til ligg i Chiang Mai-provinsen – nord i Thailand.

Foto: IMONASTERY / MONKLIFEPROJECT.COM

Stod opp klokka 04.00

På mobilen fekk han nemleg opp ei nettside som gir deg høve til å leve som buddhistisk munk i 30 dagar.

Lidin nølte ikkje og drog omgåande til Chiang Mai-provinsen – nord i Thailand.

– Eg ville lære meir om meditasjon, og som munk dedikerer du dagen din til å meditere. Eg tenkte at det ville vere ein bra måte å fortsette reisa med sjølvutvikling, seier han.

Tida blei ein augeopnar for Lidin.

– Livet som munk var veldig spesielt. Da eg barberte meg på hovudet, forsvann også noko av den ytre identiteten eg har hatt heile livet mitt. Samtidig begynte eg å sjå meir innover. «Kven er eg utan karrieren min?» Eg lærte å kjenne meg sjølv frå innsida.

Kevin Lidin

BLEI BARBERT: Alt hår måtte bort da Lidin blei munk.

Foto: IMONASTERY / MONKLIFEPROJECT.COM

Lidin og dei andre munkane stod opp allereie klokka 04.00 på morgonen. Dagane gjekk til undervisning, to store måltid og – ikkje minst – fleire rundar med meditasjon.

– Her var det ingen telefonar eller kontakt med utsida. Eg følte at eg berre var der. Eg var ikkje stressa på same måte som på utsida. Ein jobbar mykje med seg sjølv, og det likte eg. Du lærer å kjenne deg sjølv, bli glad og leve livet fullt ut, seier han.

Les også OL-håpet viste seg i bikini – risikerer fengsel i hjemlandet

Saman Soltani

Flytta til nytt land

Den tidlegare fotballspelaren vurderte å bli igjen da programmet var ferdig i desember i fjor slik fleire av dei andre munkane gjorde. Men sakna etter familie og venner var stort etter å ha vore borte frå dei i åtte månader.

I dag har han igjen flytta utanlands og bur i Barcelona. Der studerer han til å bli psykolog og personleg trenar.

Mykje av dagane går framleis til å sitte heilt stille i lotusstilling. Men han kjenner også at det rykker litt i skotfoten.

– Eg saknar fotball, men eg saknar ikkje den karrieren eg hadde. Viss eg kunne spelt utan skadar, ville eg framleis spelt – på eit lågare nivå. Men eg har mykje bra i livet mitt nå, så det er det eg prøver å fokusere på, seier han.

null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal