Hopp til innhold

Fotballproff står fram som homofil: – Trøytt av å leve eit dobbeltliv

Fotballspelar Josh Cavallo (21) frå Australia opnar seg om legninga si, og blir med det den første mannlege proffspelaren som er opent skeiv, og som framleis spelar aktivt.

Her kan du sjå videoen. FOTO: Adelaide United / Nine Network / Reuters

I ein video publisert av sin eiga klubb, Adelaide United, innleiar Cavallo med å seie at han er fotballspelar og at han er homofil.

Det har vore ein lang veg dit.

– Eg har kjempa mot seksualiteten min i over seks år no, og eg er glad for at eg kan leggje det til side, fortel Cavallo tydeleg rørt.

Levde eit dobbeltliv

Då han vaks opp, trudde han at han ikkje kunne nå draumen om å bli proff fotballspelar, samstundes som han var skeiv. Difor skjulte han legninga si i mange år.

Josh Cavallo

STÅR FRAM: Josh Cavallo.

Foto: Brendon Thorne / AP

– Eg skamma meg, og trudde at folk ville behandle meg annleis om dei fann det ut, eller at dei ville seie slemme ting og gjere narr av meg, seier han.

Per no er det berre eit fåtal mannlege fotballspelarar som har stått fram som skeive. Collin Martin, som spelar i andredivisjon i MLS og Phuti Lekoloane, i tredjedivisjon i Sør-Afrika, er to som har stått fram som homofil, of som framleis spelar aktivt.

No orkar ikkje Cavallo meir.

– Eg er trøytt av å prøve å prestere på toppnivå og leve dette dobbeltlivet. Det er utmattande og noko eg ikkje ynskjer at nokon andre skal få erfare, seier han.

Veit om fleire

Etter at han dela nyhenda med omverda, fortel han at han har fått meir respekt.

– Å kome ut til familien min, venner, lagkameratar og trenarar, har vore fantastisk. Det har fått meg til å undre på kvifor eg har skjult denne byrda så lenge, seier han.

I tillegg til å snakke ut i ein video gjennom klubben sine kanalar, har han også publisert ein pressemelding på sine eigne sosiale medium. Der fortel han at han veit at det er fleire fotballspelarar som lever i skjul.

– Det er overraskande at det ikkje er andre homofile fotballspelarar som speler aktivt akkurat no, ikkje berre i Australia, men rundt om i verda, seier han og held fram:

– Eg vil vise dei der ute som slit og som er redde, at du ikkje treng å vere nokon andre. Det er OK å vere homofil og spele fotball, seier han.

Det ønskjer spelaren å gjere noko med. Det er òg noko av grunnen til at han no vel å stå fram om legninga si.

– Å vekse opp som homofil samtidig som eg speler fotball, er to ulike verder som ikkje har kryssa lagnader før. Eg vil vere med å endre dette, og vise at alle er velkommen i fotball. Alle fortener retten til å vere seg sjølv. Eg håpar dette vil endre seg i nær framtid, seier han.

Eit viktig signal

Inge Alexander Gjestvang, leiar i foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfold (FRI), blir glad for å høyre at nok ein fotballspelar vel å stå fram.

– Det er mykje symbolikk og ein viktig signaleffekt når vi har folk som kjem frå slike miljø og seier kven dei er. Det er gode signal for dei yngre i breiddeidretten som er usikre på om det er plass til dei på fotballaget, eller om dei skil seg ut, seier Gjestvang til NRK og held fram:

– Ein blir alltid glad for at folk finn ut kven dei er og kven dei blir kjær i. Det er noko av det viktigaste som er i verda.

Assistenttrenar i Adelaide United, Ross Aloisi, beundrar spelaren sin.

– Då eg snakka med Josh tidlegare, var det tydeleg at han levde med ei byrde og ei smerte. Når eg ser på Josh i dag, så er han mange kilo lettare. Det gjer meg stolt å sjå kor modig han er, seier Aloisi og held fram:

– Josh si mentale helse og velvære er det viktigaste for oss, som trenarar og lagkameratar. Josh vil alltid vere Josh for oss, avsluttar han.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal