Tidlegare i veka såg det ut til at Helstad skulle starte på topp saman med Bengt Sæternes, men på dagens lette trening røpa Mons Ivar Mjelde laget til NRK.
- Robbie har tent skikkeleg til på treninga denne veka. Han har vore veldig bevegeleg og god, og er kanskje den spissen som spring mest. Thorstein er kapabel til å springe frå folk når kampen opnar seg litt opp.
Helstad blir joker
Dermed blir Helstad igjen tildelt joker-rollen. Den tidlegare Rosenborg-spelaren har ikkje lukkast i Brann-trøya så langt i sesongen.
Hedmarkingen er mållaus på sine 9 innhopp for Brann. Denne gongen var han likevel svært nær å få sin fyrste kamp frå start.
- Det har vore tøft å ta ut laget, vedgår Mons Ivar Mjelde
Brann startar dermed med desse 11:
Håkon Opdal - Bjørn Dahl, Olafur Orn Bjarnason, Kristjan Orn Sigurdsson, Erlend Hanstveit - Charlie Miller, Martin Andresen, Helge Haugen, Petter Vaagan Moen - Bengt Sæternes, Robbie Winters.
, eller hør sending fra alle kampene i den 24. runden av Tippeligaen på P1 fra klokken 17.30.