Hopp til innhold

Nisja blei superhelt i Stavanger

Vidar Nisja blei den store helten då han avgjorde for Viking like før slutt. Samtidig gjorde han slutt på Bodø/Glimts sigersrekke.

Vidar Nisja 2

Vidar Nisja blei den store helten mot Bodø/Glimt. Tre minutt før slutt avgjorde han kampen. Sigeren sendte Viking opp på ein tredjeplass på tabellen i eliteserien.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Han er mannen som aldri gir seg. Vidar Nisja er spelaren på utegåande kontrakt, men som likevel nok ein gang blei helten for Viking.

Tre minutt før slutt bomma Glimt-forsvarar Vieux Sane på ei klarering inne i feltet. Ballen spratt vidare til innbyttar Nisja som kontant putta ballen bak Glimt-keeper Pavel Londak til ellevill jubel i Stavanger.

Samstundes stoppa han Bodø/Glimts elleville sigersrekke med seks sigrar på rad.

– Det var deilig å komme frå benken og vere med på å snu kampen, og i tillegg score det avgjerande målet, seier Nisja til C More etter kampen.

Det gav tre nye poeng og fotball-feber i Stavanger etter fleire tunge år.

For no har byen eit fotball-lag som er i form og som i tillegg overnattar på bronseplass i eliteserien før Vålerenga møter Rosenborg på Lerkendal i morgon kveld.

Samstundes er klubben i semifinalen i cupen. 2015 kan bli eit Viking-år.

Vidar Nisja 2

Vidar Nisja takker publikum for støtten etter sigeren mot Bodø/Glimt.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

To lag i form

Men det var Bodø/Glimt som første sjokkerte i siddis-byen.

Ti minutt etter pause på Viking stadion sendte Alexander Sørloth ein nydeleg stikkar gjennom til Fitim Azemi.

Den tidlegare Follo-angriparen vippa deretter ballen elegant over Viking-keeper Iven Austbø og i motsatt hjørne.

Det kunne gitt Glimt lagets sjuande siger på rad i eliteserien.

Men berre seks minutt seinare utlikna Andre Danielsen frå straffemerket etter at Glimt-keeper Pavel Londak hadde felt Jon Dadi Bödvarsson

Så blei Nisja den store helten tre minutt før slutt.

– Det var herlig. Vi gjør ingen bra kamp, men klarar til slutt å ta tre poeng, seier Viking-trenar Kjell Jonevret.

Det var to lag i kanonform som møttes i Stavanger på Viking stadion. Viking kom til kampen med fem sigrar og to tap på dei sju siste og har spelt flott angrepsfotball denne sesongen.

Samtidig har Bodø/Glimt kjempa seg ut av nedrykkstriden med seks sigrar på rad før kveldens tap mot Viking.

Laster innhold, vennligst vent..

Fotball