NRK Meny
Normal

United mot Arsenal i cupen

Dei to topplaga i Premier League skal møtast i FA-cupens femte runde.

Topplag ute av FA-cupen
Foto: PAUL BARKER / AFP

Det betyr at eitt av topplaga må ut før kvartfinalene, i ei turnering der 14 av 20 lag frå øvste divisjon allereie har sagt takk for seg.

FA-cupen i navn og tall

Dei fire andre Premier League-laga som er att, fekk lettare motstand.

Tittelforsvarar Chelsea møter Huddersfield heime. Huddersfield held til to divisjonar lenger nede.

Liverpool får det også lett, dei tek imot Barnsley.

Trekninga for 5. runde:

Bristol Rovers - Southampton

Cardiff - Wolverhampton

Sheffield United - Middlesbrough

Liverpool - Barnsley

Manchester United - Arsenal

Preston - Portsmouth

Coventry - West Bromwich

Chelsea - Huddersfield

Kampane skal spelast helga 16. og 17. februar.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.