– Første timen er begredeleg. Det stokka seg litt. Men på 0–3 sleppte spelarane seg lause, og då slo vi tilbake. Men uansett var det ikkje godt nok, sa ein hardt pressa Tromsø-trenar Agnar Christensen til C More.
– De er langt inne i nedrykksstriden. Kva skal de gjere no?
– Vi skal fordøye denne kampen, så skal vi sjå på det i morgon.
For det var ikkje langt frå Tromsø-poeng denne gongen. Etter 0–3 klarte heimelaget å slå tilbake. Den siste halvtimen gav to TIL-mål, stolpeskot og fleire store sjansar til både eitt og tre poeng.
Første siger på 18 år
Men Tromsø vakna for seint. Start tok sin første siger i Tromsø sidan 1995. Det er trenar Mons Ivar Mjelde godt nøgd med.
– Vi blir feige på 3-0, spelar meir bakover enn framover. Vi slepper dei meir til etter at vi byter folk. Men det er godt å vinne 3-2, og fram til 3–0 spela vi godt. Deretter får dei mål og energi, og vi gjer det bra ved å halde unna.
Tromsø ligg framleis på kvalifiseringsplass, men avstanden opp til sikker plass er no fire poeng. Og Hønefoss og Sarpsborg på nedrykksplassane er berre eitt bak.
Eliteseriens formlag med 13–0 på dei siste tre kampane hadde ingen store problem med eit svakt Tromsø-lag den første timen i dag.
Espen Hoff sende Start i føringa rett før pause, og Bismarck Acosta dobla leiinga etter passivt forsvarsspel tre minutt ut i andre omgang.
Drygt kvarteret ut i andre omgang sette Matthias Vilhjalmsson inn Starts tredje. Då såg det mørkt ut for eit heimelag som virka dødt, uinspirert og heilt utan sjølvtillit.
Kampen bråsnudde
Men Tromsø var ikkje gravlagt. Berre fire minutt etter Starts tredje, kunne Zdenek Ondrasek ta imot Morten Moldskreds presise pasning og smelle ballen i mål på direkten.
Det snudde kampen. Brått fekk Tromsø trua på at dette kunne gå, at 0–3 ikkje var til hinder for poeng.
Og då Steffen Nystrøm kort tid etter sette inn eit nytt mål, kom det liv både i spelarane og publikum på Alfheim.
Dei siste 20 minutta eigde Tromsø kampen. Nystrøm var centimeter frå utlikning, men frisparket gjekk i stanga. Tromsø hadde fleire store sjansar til poeng, men det heldt ikkje heilt.