NRK Meny
Normal

Tidlegare United-spelar senka City

Phil Bardsley blei matchvinnar då Sunderland tok ein overraskande 1-0-siger over Manchester City søndag ettermiddag.

Phil Bardsley

Phil Bardsley blei matchvinnar for eit poengtrengande Sunderland.

Foto: NIGEL RODDIS / Reuters

Fakta: Sunderland - Manchester City 1-0

Den tidlegare Manchester United-spelaren avgjorde kampen etter 22 minutt.

Bardsley sneik seg inn bak City-forsvaret, og gjekk sigrande ut i duell med Aleksandar Kolarov, før han skrudde ballen forbi Costel Pantimilon og i mål.

City, som låg seks poeng bak serieleiar Arsenal før den 11. serierunden, pressa hardt på for utlikning, men Sunderland drog 1-0-sigeren i land.

Det blei tre svært viktige poeng for Sunderland som slit heilt i botnen av Premier League. Sigeren sende dei opp i sju poeng, tre poeng framfor Crystal Palace på siste plass.

United-back erklært uønskt

For matchvinnar Bardsley blei sigeren mot City ein etterlengta opptur.

I sommar blei han nemleg erklært uønskt av dåverande Sunderland-sjef Paolo Di Canio, men Bardsley er teken inn igjen i varmen av Gustavo Poyet.

Onsdag scora han då Sunderland tok seg til kvartfinale i ligacupen, og mot City i serien blei det ny scoring.

I tillegg blei sigeren kanskje ekstra kjekk for Bardsley. Høgrebacken er født og oppvaksen like ved Manchester United si heimebane Old Trafford. Han starta også karrieren i klubben.

(NRK/NTB)

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.