Hødd får utvida spelarstallen sin før avreise til Tyrkia. 22 år gamle Tobias Nygård Vibe har pakka fotballskoa og laurdag blir han med laget på treningsleir.
Vibe kjem frå 2. divisjonsspel i nordlandsklubben FK Senja.
– Både Vibe, Hødd og FK Senja er godt fornøgd med avtalen, skriv Hødd i ei pressemelding.
Magnus Sylling-Olsen
Hødd vil og bli betre kjent med tidlegare AaFK-spelar Magnus Sylling Olsen. Dermed blir han og med sunnmørsklubben til Tyrkia.
– Ingen avtale er inngått mellom partane, som vil bruke dagane på treningsleiren på å bli betre kjend, avsluttar dagleg leiar og sportssjef Andrè L. Nevstad i Hødd.
Sylling Olsen fekk ikkje ny kontrakt med AaFK i fjor.
Vingen avslutta fjorårssesongen i Bodø/Glimt, der han scora fem mål for dei gule og svarte.