Avisa Sunday Times publiserte i går ein serie dokument dei meiner viser at Qatar brukte opptil 30 millionar kroner i bestikkelsar for å sikre seg VM i 2022 under tildelinga i 2010.
Det internasjonale fotballforbundet, FIFA har satt ned ein granskingskomité som skal etterforske skuldingane. Konsekvensane kan bli at Qatar mistar VM. Og at det blir gjennomført eit nyval.
Lite gjenbruk av anlegg
Fotballpresident Yngve Hallen sit i FIFAs etiske komite. Han er kritisk til tildelinga i desember 2010 då Qatar blei utropt som VM-arrangør.
– Eg har satt spørsmålsteikn ved dette heile tida fordi eg tvilar på at eit VM vil utvikle fotballen i landet, seier Hallen, som meiner Qatar manglar fotball-kultur. Og at det vil bli lite gjenbruk at anlegga som eventuelt blir bygd.
– I tillegg er det som kjent problem knytt til klima og arbeidsrettar som viser at det er store svakheiter i kravspesifikasjonen til FIFA som har lagt grunnlaget for meisterskapen, seier fotballpresidenten til NRK.
– Qatar nektar skuld
FIFA blir i neste veke ferdig med innhentinga av all informasjon rundt stemmegivinga for fotball-VM i 2018 og 2022.
Rapporten er planlagt ferdig i slutten av juli. Qatars fotballforbund har frå før nekta for alle skuldingane om stemmejuks.
Hallen meiner FIFA fortsatt har tid til å snu i saka.
– Dersom du tilrøvar deg noko du ikkje skulle hatt er det normal rettspraksis at du mistar det igjen. Samstundes kan korrupsjonen bli vanskeleg å bevise.
– No ventar vi på at rapporten frå granskingskomitéen skal komme på bordet. Uansett er det ikkje tvil om at dette skadar omdømmet til FIFA, meiner Hallen,
FIFA vil støtte nyval
Fotballpresidenten meiner eit VM også skal utvikle fotballen i landet der meisterskapen blir arrangert.
– Då USA fekk VM i 1994 var målet å utvikle fotballen i landet. Då Sør-Afrika fekk VM var det for å fremje idretten på eit kontinent som har utvikla gode fotballspelarar.
– Den same argumentasjonen kan brukast for at Russland blei tildelt meisterskapen i 2018. Men når det gjeld Qatar er det vanskeleg å sjå ein slik effekt, meiner Yngve Hallén.
Visepresident Jim Boyce i FIFA seier i dag at han vil støtte nyval av arrangør av fotball-VM i 2022 dersom det blir bevist at Qatar fekk tildelt meisterskapen ved hjelp av korrupsjon.