Les også:
Sør-Korea møtte nettopp Iran i koreanske Pusan tysdag. Eitt poeng hadde sikra koreanarane plassen. Men scoringa av Reza Ghoochannejhad etter ein times spel sende Iran vidare som topplag i gruppa.
Det er fjerde gong Iran deltar i eit fotball-VM. Sist det skjedde, var i Tyskland i 2006. Men dei har berre ein siger i VM-sluttspel - 2-1 over USA i 1998.
Sør-Korea måtte dermed vente nokre uendeleg lange minutt for å sjå om Usbekistan klarte å slå utslåtte Qatar med dei nødvendige seks måla. Det klarte dei ikkje, det stansa på 5-1 etter at scoringane rann inn den siste halvtimen. Sør-Korea kunne derfor juble til slutt.
Koreanaren er klare for sitt niande VM, og det åttande på rad.
Usbekistan skal no møte Jordan til playoff i september. Vinnaren skal deretter møte nummer fem i Sør-Amerika om ein plass i neste års VM.