NRK Meny
Normal

Halvparten av dei Gullball-nominerte spelarane frå Rosenborg

Seks av dei nominerte til Gullballen er Rosenborg-spelarar.

Ole Kristian Selnæs

KAN FÅ GULLBALLEN: Ole Kristian Selnæs har hatt ein stor sesong på Rosenborgs midtbane, og er ein av seks RBK-spelarar på nominasjonslista

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Det betyr at halvparten av dei nominerte kjem frå Trondheims-klubben. I tillegg er RBK-trenaren også nominert.

Det er Norges Fotballforbund og Norsk Toppfotball som arrangerer den årlege kåringa av dei beste i norsk fotball.

Stefan Johansen med Gullballen

BEST I FJOR: Stefan Johansen vant Gullballen for 2014

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Resultatet blir avgjort av ein jury, kapteinane i eliteserien og 1. divisjon, og resultatet av ei folkerøysting. Kvar av desse tel ein tredel, og fristen for å røyste er 31. oktober.

Dette er kandidatane:

Årets keeper:

  • Mande Sayouba, Stabæk
  • Andre Hansen, Rosenborg
  • Ørjan Håskjold Nyland, Molde

Årets forsvarsspelar:

  • Jonas Svensson, Rosenborg
  • Vegard Forren, Molde
  • Vieux Yakhya Sane, Bodø/Glimt

Årets midtbanespelar:

  • Ole Kristian Selnæs, Rosenborg
  • Iver Fossum, Strømsgodset
  • Mike Jensen, Rosenborg

Årets angrepsspelar:

  • Alexander Søderlund, Rosenborg
  • Adama Diomande, Stabæk
  • Pål Andre Helland, Rosenborg

Årets trenar:

  • Jan Halvor Halvorsen, Bodø/Glimt
  • Bob Bradley, Stabæk
  • Kåre Ingebrigtsen, Rosenborg

Årets dommar:

  • Svein Oddvar Moen, Haugar
  • Dag Vidar Hafsås, Kolstad
  • Anders Johansen, Brevik

Årets unge talent (fødd i 1996 eller seinare):

  • Sander Svendsen, Molde
  • Kristoffer Ajer, Start
  • Iver Fossum, Strømsgodset

Årets spelar i 1. divisjon:

  • Babacar Sarr, Sogndal
  • Fredrik Haugen, Brann
  • Pontus Engblom, Sandnes-Ulf

Dessutan skal prisen som årets spelar i eliteserien delast ut, men den blir avgjort av juryen, ser Jo Bergsvand er leiar.

Prisane blir delte ut søndag 8. november, same dag som eliteserien blir avslutta.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.