Med Luis Suarez og Daniel Sturridge i spissen har Liverpool netta 90 gonger på 33 kampar.
Det gir 2,72 mål i snitt, og det er eit tal som er slått på øvste nivå i England berre ein einaste gong sidan 1935.
Manchester City er ikkje stort dårlegare. 84 scoringar har dei på sine 31 kampar, det er 2,70 i snitt.
Det betyr at om dei to klubbane held oppe scoringstrøkket i sesonginnspurten, blir det ikkje berre Premier League-rekord. Det kan bli det beste snittet på nesten 80 år.
Og det var i ei tid då endringa i offsideregelen var årsaka til at livet vart mykje lettare for angrepsspelarane.
Søndag skal dei to målkåte laga møtest på Anfield.
Chelsea avslutta med 17–0
Rekorden i Premier Leagues tidsalder (sidan 1992) er på 103 mål på ein heil sesong, 38 kampar. Chelsea oppnådde dette i sesongen 2009–10 med sin eventyrlege sluttspurt med til saman 17–0 på dei tre siste kampane (7–0 mot Stoke, 2–0 mot Liverpool og 8–0 mot Aston Villa).
Det er einaste gongen eit lag har nådd tresifra resultat i Premier League.
Men det gir berre 2,71 i snitt, altså lågare enn Liverpool i dag.
Sidan bonanzaen på det glade 20- og 30-talet er det berre ein gong det har vore høgare målsnitt på ein heil sesong enn det Liverpool har så langt denne sesongen. Det var i Tottenhams rekordsesong i 1960/61. Spurs scora 115 mål på 42 kampar, eit snitt på 2,73 mål per kamp.
Prega av offside-endringa
Med denne bakgrunnen er det eit imponerande scoringsnivå på Liverpool og Manchester City. For tala som slår dei, er stort sett frå ei tid då endringa av offsideregelen påverka scoringstakten.
I 1925 vedtok FA (det engelske fotballforbundet) å endre offsideregelen. No var det nok med to motspelarar mellom angripar og mål. Tidlegare måtte det vere tre.
Det gav umiddelbart resultat. Frå sesongen 1924/25 til 1925/26 steig talet på scoringar i ligaen med 35 prosent.
Grunnen er sjølvsagt at det tok tid for lag og spelarar å bli vane med den nye regelen og justere taktikken etter den. Og når forsvarets gamle taktikk ikkje lenger verka, rann scoringane inn.
Dixie Dean scora 60 mål
Den nye offsideregelen var hovudårsaka til at gode angrepsspelarar plutseleg oppnådde heilt usannsynlege rekordar. George Camsell scora ufattelege 59 mål på 42 kampar for Middlesbrough i 2. divisjon sesongen 1926/27.
Berre for å sjå at rekorden vart slått av Dixie Dean for Everton sesongen etter. Med ni mål på dei siste tre kampane nådde han 60 mål. Og det trass i at han spela berre 39 av Evertons 42 ligakampar.
Før 1925 nådde aldri toppscoraren 40 mål. Men i dei ti første sesongane etter 1925 nådde toppscoraren 40-talet sju gonger.
Men ikkje alle var like glade for målorgiane og den nye offsideregelen. Feinschmeckerane klaga då som så ofte elles: Det vart for lett å score mål. Regelen førte til langt meir bruk av «Route 1»: Mange lange ballar fram i feltet, og gjekk ut over det tekniske spelet laga vart tvinga til med den gamle regelen. Det vart rett og slett for lett å score, meinte forståsegpåarane.
Herbert Chapmans genistrek
Nokon var raskare enn andre med å utnytte den nye regelen. Arsenals manager Herbert Chapman konstruerte det såkalla WM-systemet – eller 3-2-5, som det ville vore kalla i dag. Det var svært offensivt, og gjorde Arsenal til det desiderte topplaget på første halvdel av 30-talet.
Namnet WM-systemet fekk det etter taktikkbrettet. Der såg den offensive lagdelen ut som ein W, den defensive som ein M.
WM-systemet var så suksessfylt at det vart einerådande i England til lenge etter den andre verdskrigen. Då hadde det gått engelskmennene hus forbi at denne taktikken var håplaust utdatert. Det forstod dei ikkje før etter at landslaget vart grusa 6–3 på Wembley av Ungarn ein novemberkveld i 1953.
Men for Arsenal var det nøkkelen til suksess på 30-talet. På fem sesongar tok Arsenal fire gull og eit sølv i ligaen. I desse sesongane scora dei høvesvis 127, 90, 118, 75 og 115 ligamål.
Den ufattelege sesongen
I 1930–31 måtte dei likevel sjå seg slått av sølvlaget Aston Villa, som scora 128 gonger, men som likevel enda sju poeng bak Arsenal til slutt.
Arsenal og Aston Villa – med 127 og 128 mål den sesongen – er einaste gongane lag i øvste divisjon har scora meir enn tre mål i snitt i ein toppdivisjon med minst 38 serierunder.
Kampane dei imellom enda med målrike heimesigrar. Arsenal slo Villa 5–2 på Highbury, men Villa tok revansje med 5–1 på Villa Park. Og det 462 kampane i 1. divisjon gav 3,95 mål i snitt, det er rekord på ein toppserie med 38 serierundar eller meir. Fire kampar gav 11 scoringar – ein med 10–1, ein med 6–5 og to med 7–4.
Aston Villas Tom «Pongo» Waring vart toppscorar med 49 mål. Arsenals toppscorar var Jack Lambert med «berre» 38 mål.
For ordens skuld: Den som på 38 kampar skal overgå det Arsenal og Villa gjorde den sesongen, må score minst 116 mål. Dit er det vel for langt, sjølv for dagens Liverpool og Manchester City.
Tabellen under viser dei 16 gongane eit lag har gått gjennom sesongen med over 2,5 mål i snitt sidan øvste divisjon vart utvida til 20 lag (38 kampar) i 1905, saman med Liverpools og Citys statistikk denne sesongen.
PS: Tidenes rekord i ligaens øvste nivå har Sunderland. Dei scora 100 mål på 30 kampar i 1891/92. Det gir 3,33 i snitt.