NRK Meny
Normal

Glipptak for Odd i gullkampen

Medaljekandidat Odd spela mot 10 mann i 20 minutt, men måtte likevel nøye seg med 2–2 mot Sarpsborg 08.

Jone Samuelsen scorer

Nytt poeng for Odd i Sarpsborg. Her scorar Jone Samuelsen Odds første mål

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Dette er vi misnøgde med. Vi har ein kjempesjanse til å ta leiinga, så går dei rett opp og scorar i staden. At vi utliknar mot ti mann var bra, men dette er ikkje bra nok, sa Odds kaptein Steffen Hagen til C More, før han la til:

– Vi burde avgjort mot ti mann. Men dei var livsfarlege på kontringane, så uavgjort er kanskje ikkje så urettferdig likevel.

Sarpsborgs keeper Gudmund Kongshavn storspela i Sarpsborgs mål, men var likevel ikkje hundre prosent nøgd. – Det er litt bittert å ikkje stå att med tre poeng når vi leier to gonger, sa han.

Odd kom til kampen med fem strake sigrar. I dei to siste kampane har dei også kome under, men snudd til sterke sigrar. I dag gjekk det ikkje heilt.

Dramatikk i andre omgang

Det var andre omgang som vart dramatisk i Sarpsborg. Odd pressa, men Sarpsborg kontra friskt.

  • Midt i omgangen bomma Lars Kristian Eriksen på tre meters hald for Odd. Sarpingane gjekk rett i angrep, og Claes Kronbergs innlegg til Alejandreo Catsro var perfekt. Castro heada inn 2–1 og sitt første mål sidan overgangen frå Start i sommar.
  • Tre minutt etterpå: Jone Samuelsen fall i ein duell med Kjetil Berge. Det fekk Samuelsen gult kort for, til sterke protestar frå Odd-spelarane som kravde straffe.
  • Og ytterlegare to minutt seinare: Tom Erik Breive stoppa ei kontring i overkant hardt og fekk gult kort. Det hadde han også frå før, dermed måtte han gå av bane, og Sarpsborg måtte spele 20 minutt med 10 mann.
  • Det inspirerte Odd, og presset gav resultat. Håvard Storbæk og Ardian Gashi spela vegg før ballen gjekk til Herolind Shala. Han fekk to forsøk før han sette inn utlikninga.

Men Sarpsborg la seg på ingen måte ned, og fem minutt før slutt burde Kronbergs logg sendt Sarpsborg i føringa på nytt. Men ballen gjekk centimeter utanfor.

Første omgang var langt tammare. Kjetil Berge gav Sarpsborg leiinga og Samuelsen utlikna for Odd, alt dette i løpet av tre-fire minutt.

Odd klarte med 2-2 berre å redusere Moldes serieleiing til fem poeng. Molde møter Brann i Bergen i morgon.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.