Tottenhams styreformann, Daniel Levy.
Foto: CHRIS RATCLIFFE / AFP– Det er trist å reise, men eg vil takke spelarane, staben og fansen for den fantastiske støtta, seier Redknapp.
Natt til torsdag meldte Tottenham Hotspur Football Club Redknapp ikkje lenger er manager for klubben.
Redknapp måtte forlate Tottenham etter fleire gode sesongar på White Heart Lane.
– Dette har ikkje vore ei enkel avgjerd, seier Tottenhams styreformann, Daniel Levy.
– Harry kom til klubben på eit tidspunkt kompetansen hans var sårt tiltrengt. Denne avgjerda skal ikkje overskugge det store arbeidet han har gjort. Eg takkar han for det han har oppnådd her, seier Levy.
Ville ha lengre kontrakt
Det er kjend at 65-årige Redknapp ville forlengje kontrakten med Levy og Tottenham, som hadde varigheit til etter neste sesong.
Eitt av argumenta hans var at den usikre kontraktsituasjonen hadde negativ innverknad på laget.
Det har blitt hevda at Levy var villig til å gje Redknapp ein ny periode på 12 månader etter kontraktslutt.
Innfridde målet om fjerdeplass
Etter ei rekke gode prestasjonar med Tottenham, blei Redknapp denne sesongen utpeikt som favoritten til å overta jobben som England-manager etter Fabio Capello.
Men jobben fekk han aldri. Det gjorde derimot West Bromwich-manager Roy Hodgson.
65-åringen heldt fram i Tottenham, og innfridde styreformann Levys mål om ein fjerdeplass i Premier League.
Klubben får likevel ikkje spele meisterliga sidan Chelsea, som hamna utanfor topp fire, vann førre sesongs gjævaste europacupturnering.
Redknapp: – Trist
At Tottenham mista meisterligaplassen skal ha kosta Redknapp jobben, hevdar nyhendebyrået Ap.
– Eg har heile tida trivest under tida mi i Spurs, og er stolt over det eg har fått til. Eg har hatt fire fantastiske år i klubben, seier Redknapp.