- Følg kampen: Start–Vålerenga frå klokka 19
Oslo-klubben står berre bokført med tre poeng på dei fire første kampane i eliteserien. I førre serierunde mot Strømsgodset låg Vålerenga under 0–3 allereie etter 15 minutt.
– Eg er spent på korleis Vålerenga går ut mot Start. Dei har to val, anten å stupe i angrep, eller å ha «brekket» på og ha kontroll på kampen den første halvtimen, seier tidlegare VIF-spelar Bengt Eriksen til NRK.
Scora med strekk
Han var med i startoppstillinga til Vålerenga sist dei to laga spelte uavgjort i Kristiansand. Den gang enda oppgjeret 2–2 på Kristiansand stadion. Innbytar Arve Seland sørgde for utlikning eitt minutt før full tid.
– Eg hugsar at eg hadde ein strekk, men vart sendt innpå mot slutten for å få utlikninga. Det var definitivt ikkje noko praktscoring. Ballen rulla gjennom fire Vålerenga-bein og i mål, mimrar Arve Seland.
Seland vart toppscorar i den øvste divisjonen i norsk fotball i 1986, då han scora 12 mål.
– Både Vålerenga og Start har jo tradisjonelt vore to lag som vil angripe for alle pengar. Det var ofte mange mål og mange angrep, seier Seland.
– Angrepsvillige lag
– Det er to lag som har eit rykte på seg for å vere angrepsvillige lag. Dei har stort sett hatt årgangar som vil vinne ved å angripe framfor å vinne ved å demme opp på kontringar, seier Bengt Eriksen.
Start har fått ein god start på årets eliteseriesesong og har framleis til gode å tape. Førre fredag spelte laget uavgjort 1–1 mot Rosenborg på Lerkendal, og var det første laget som «stal» poeng frå trønderane.
– Start har prestert over det eg hadde venta. Dei har eit bra lag og eg trur Vålerenga skal få slite med å få med seg poeng heim til Oslo, seier Seland.
Bengt Eriksen er klar på at presset ligg på Vålerenga.
– Kjetil Rekdal lever nok med tap, men spørsmålet er korleis spelarane og omgjevnadene reagerer. Mange stod med henda i været og trudde ting skulle gå av seg sjølv når Rekdal var tilbake. Dei vil få seg ein knekk, seier Eriksen.
Laga spelte sist uavgjort 1-1 i 2005, då laga møttest på Ullevaal.