Viking stadfesta fredag kveld at Håkon Skogseid er klar for klubben. 21-åringen kjem frå Notodden, og kan bli ei løysing på forsvarsproblema for Viking.
Sidan Maurice Ross forsvann etter førre sesong har Viking sett etter ein ny høgreback.
- Skogseid er ein type som har dei kvalitetane me har sett etter hjå ein høgreback, seier sportsdirektør Egil Østenstad til klubben sin nettstad.
21-åringen har i tillegg til Notodden også spelt for mellom anna Stabæk. Han har fem kampar for U21-landslaget. I følgje Varden må Viking betala rundt to millionar kroner for Skogseid.