Hopp til innhold

Klare til å bite frå seg etter lang oppkøyring

Det eine laget klarte så vidt å rykke opp, medan det andre med liten margin vart verande der dei var. I dag startar fotballsesongen for 2. divisjon, og Førde og Florø er klare for kamp.

Førde Florø Fotball

I SAME DIVISJON: No skal Florø og Førde igjen kjempe mot kvarandre i same divisjon. I dag startar sesongen.

Foto: Glenn Thomas Nilsen/Truls Kleiven / NRK

– Både eg og treningsgruppa brenn etter å kome i gang. Vi har veldig tru på denne sesongen her og vi synest det har vore ei lang oppkøyring. I tillegg byrjar vi ei veke seinare enn i fjor, så vi er veldig klare for å bite frå oss i dag, seier Førde-trenar Knut Erik Folland.

I fjor enda Førde på tredje plass i 2. divisjonstabellen, ni poeng bak serievinnaren. Florø på si side klarte med knapp margin å ta seg opp frå 3. divisjon. Dermed skal dei to Sunnfjordlaga no kjempe innbyrdes.

– Vi hadde frykteleg lyst å prøve oss i ein høgare divisjon. Det var ei lette når vi endeleg lukkast, og vi ser verkeleg fram til å komme i gang, seier trenar for Florø, Terje Rognsø.

Meir intensiv trening

Knut Erik Folland

INGEN OPPRYKKSPLANAR: Målet til Førde i år er å hevde seg i toppen, seier trenar Knut Erik Folland.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

For begge laga har det vore ei ekstra lang oppkøyring i år. Etter mange år med ustabil trening for Førde har dei endeleg fått trene i fred på stadion utan å måtte reise til Eikefjorden, som så mange gonger før når bana i Førde har vore ubrukeleg.

– I år er første sesongen vi ikkje har avlyst ei trening, og vi har stort sett spelt fotball med relativt høg intensitet. Eg trur det på sikt vil gi oss eit fortrinn, seier Folland.

Men det har også hatt sine biverknadar. For fleire spelarar har slite med skadar i oppkøyringa.

– Det må vi nok ta litt på eiga kappe i høve til den mengda vi har køyrt i år. Eg trur vi har vore litt røffe, men vi er likevel godt rusta. Vi har fått jobba mykje med taktiske, strukturelle og tekniske utviklingsområde, seier trenaren.

Ein yngre stall

Sjølv om Førde var nære opprykk i fjor er ikkje det eit mål i år. Dei har mista mange spelarar. Blant anna forsvann nøkkelspelaren Kristian Opseth til Sogndal.

– Vi tenker litt lenger enn eit år. Vi er eit såpass ungt lag at vi kan byggje dette over tid og kanskje om nokon år vere med å kjempe om opprykk. Det er det vi legg til grunn no. Vi har jo lyst å bli betre. Om vi blir det allereie i år det er vanskeleg å seie no, men vi har hatt ein veldig god treningsvinter.

Målet er likevel å hevde seg i toppen, og dei same tankane har nyopprykka Florø.

– Vi har tru på at vi skal slå bra frå oss i andre divisjon. Det er i alle fall målsetjinga vår, å ikkje stå med hua i handa når vi kjem opp der. Vi skal prøve å bite frå oss frå første kamp, seier Rognsø.

Klare for å hevde seg

Terje Rognsø

KLAR TIL KAMP: Florø-trenar Terje Rognsø har ingen planar om å kome inn ny divisjon med hua i handa.

Foto: Alf Vidar Snæland

Også Florø har mista nokre spelarar etter hausten, men dei har også fått inn nye spelarar og kjenner seg styrka av blant anna ein ny, polsk målvakt. Grunnstammen er framleis den same, ifølgje trenaren.

– Vi har gode, unge fotballspelarar som har teke nye nivå heile tida, og vi har god tru på at vi skal vere med å hevde oss i denne divisjonen i staden for å berre kjempe for å overleve.

Og at dei også skal kjempe mot nabobyen Førde er berre kjekt.

– Det er veldig positivt. Det skapar blest og merksemd rundt det vi driv med, så det er kjekt at vi er i same divisjon, seier Rognsø.

Fotball