– Vi blir berre betre og betre, og no skal vi spele opp mot det beste vi kan for å nå draumen vår, sa Lionel Messi.
Etter scoringane mot Nigeria delar dessutan Messi no toppscorertrona i VM med ein annan superprofil – Brasils Neymar, som også har scora fire mål i meisterskapet.
– Vi fann rom og vi skapte dei fleste sjansane. Det beste er at vil spelar betre og betre, seier Messi.
– Messi er litt av ein spelar – noko anna kan ein ikkje seie. Han er uvanleg begåva. Det er mange andre sterke spelarar på det argentinske laget, men Messi er frå Jupiter, sa Nigeria-trenar Stephen Keshi etter å ha sett Messi på sitt beste frå kloss hald.
Scora sitt aller raskaste mål
I ein time herja den vesle argentinaren som fylte 27 år i går, med motstandarane. At resten av laget ikkje alltid var heilt på høgde, betydde ingenting. Sjølv ikkje eit nokså rufsete organisert forsvar betydde noko i kveld.
For ute på bana herja Messi på ein måte som minte om Maradona i 1986, då han gav Argentina VM-gull nesten åleine.
Først scora han sitt raskaste mål nokonsinne av alle dei hundrevis han har scora. Så avslutta han første omgang med eit frispark av det slaget som nesten ingen annan får til.
Kvarteret etter pause vart han teken av bana. Det kjem større kampar for Argentina seinare i VM, og Messi skal få kvile.
– Det hadde ikkje noko med resultatet eller tabellsituasjonen å gjere. Dette var bestemt på førehand, seier Argentinas trenar Alejandro Sabella.
Den siste halvtimen viste også kva Messi betyr. Argentinas spel sank i kvalitet, Nigeria fekk meir å seie ute på banen. Argentina var ikkje lenger interesserte i å satse framover, og hadde uansett kontroll bakover.
Eksplosiv opning
Argentina går vidare med maksimumspoeng etter tre eittmålssigar i gruppa. I kvartfinalen ventar truleg Sveits eller Ecuador.
Opninga var utruleg. Før fire minutt var spela, stod det 1-1.
Angel di Maria trefte stolpen, og ingen andre enn Lionel Messi var på plass på returen og scora i nettaket frå ti meters hald.
Messi har dermed scora i alle tre gruppekampane. Målet etter 2.26 minutt var det raskaste han nokonsinne har scora, og han har som kjent scora ein god del. Han tidlegare rekord var 2.41 minutt – for Barcelona mot Santander i 2010.
Men ikkje mange sekund seinare sette Nigeria fart, Michel Babatunde spela Ahmed Musa gjennom på venstresida, og Musa plasserte ballen i lengste hjørnet.
Frisparkperle
På overtid var den vesle trollmannen på ferde igjen. Argentina fekk frispark i ideell posisjon etter at Messi vart felt på rundt 20 meters hald. Det såg så enkelt ut - Messi tok tre stegs fart, smelte til med venstrefoten, løfta ballen over muren og inn heilt inne ved stolpen. Keeper Vincent Enyeama rakk ikkje å reagere.
Fire mål på rad i eit VM har ingen argentinar klart sidan Diego Maradona i 1986.
Ahmed Musa ville ikkje vere stort dårlegare. To minutt etter pausen vart han spela lett gjennom Argentinas nokså ukonsentrerte forsvar og sette ballen i nærmaste hjørne.
Musa - Messi 2-2. Og Musa er den første nigerianaren som scorer to mål i ein VM-kamp. Han var stor i Nigerias angrep.
Men igjen var det snakk om sekund. Argentinsk corner, og Marcos Rojo var på rett plass til rett tid med kneet. 3-2, og det var like mange mål på ein dryg omgang her som i alle dei fire første kampane i gruppa til saman.
Argentina er dermed gruppevinnar. Nigeria går også vidare.
Treft av medspelar – brakk armen
Dagens mest uheldige var Nigerias Michael Babatunde. Han stod i vegen for eit skot frå ein medspelar. Så hardt var skotet at Babatunde brakk armen og måtte bærast ut.
Til enorm jubel frå 43.000 på tribunene. For det skjedde like etter at Messi gjekk av bana, og den øyredøvande hyllinga av han hadde framleis ikkje lagt seg.
Video: Argentina 1-0
Video: Nigeria 1-1
Video: Argentina 2-1
Video: Nigeria 2-2
Video: Argentina 3-2