Dette intervjuet blei gjort i 2009, i samband med at det då var 40 år sidan den første tippekampen. Jarle Høysæter døydde i februar 2017.
Då Høysæter skulle kommentere kampen frå Wolverhampton den 29. november 1969, var det ikkje råd å få linjene og lyden gjennom til Norge.
– I dag er det sjølvsagt at slike ting verkar, men den gongen var det ikkje det, fortalde Høysæter.
Jarle Høysæter var både kommentator og nestleiar i NRKs sportsredaksjon då tippekampane blei ein realitet i 1969.
Ideen med tippekampane stamma frå det som då heitte Nordvisjonen. Det var eit samarbeidsforum mellom kringkastarane i Norge, Sverige og Danmark, etter kvart også Finland og Island.
– Det var tett samarbeid den gongen, og vi diskuterte idear og utvekslingar. Vi var små kringkastingsselskap med små budsjett, så eit samarbeid var nødvendig, sa Høysæter.
Det var i dette forumet ideen om engelsk fotball på nordiske tv-skjermar blei fødd. Svenske Lars-Gunnar Björklund var drivkrafta. Prisen på senderettane gjorde det nødvendig å løfte i flokk.
Dyre senderettar
– Eg hugsar ikkje kva det kosta. Samanlikna med dagens priser på sportsrettar var det sjølvsagt ikkje stort, men for oss var det dyrt den gongen, mintest Høysæter.
Rettane var ein ting, det praktiske noko anna. Avtalen ble etter kvart inngått med eit regionalt dotterselskap av den største kommersielle TV-selskap i Storbritannia, ITV. Dei hadde rettane berre til kampar i Midt-England.
29. november 1969 skulle det hele begynne. Høysæter reiste til London eit par dagar på førehand for å fullføre og underskrive avtalen med ITV. Deretter skulle han til Wolverhampton for å kommentere kampen.
– Men det let seg ikkje gjere å få kommentatorlinjene til å fungere, så eg måtte reise heim igjen i full fart, sa Høysæter.
Lagoppstillingar i lommen
Derfor sat han i studio i Oslo då avsparket gjekk i Wolverhampton – og såg ingenting. For heller ikkje biletet var kome gjennom då kampen tok til.
– Eg var heilt utan informasjon. Ikkje ein gong lagoppstillingane hadde eg fått. Heldigvis hadde eg i lommen ein oversikt over den sannsynlege lagoppstillinga som eg hadde fått i England før eg måtte reise hjem, fortalde han.
Men etter kvart kom kampen i gang, også med dei velkjente "plinga". Det var halve poenget med å setje tippekamp-prosjektet i gang.
– Vi hadde ikkje gått i gang dersom det berre var den eine kampen. Men med scoringsservice frå dei 11 andre kampene på tippekupongen ville det bli populært, det visste vi. For interessa for tipping var sterk, sa Høysæter.
Under paraply på taket
TØFFE FORHOLD: Det var ikkje alltid strøkne forhold for kommentatorane. Her er Knut Th. Gleditsch på veg opp til kommentatorboksen på Selhurst Park i 1972
Foto: Aage Storløkken / NTB scanpixDet var ikkje den einaste gongen at kommentatorlinjene ikkje verka, det skjedde faktisk nokså ofte dei første åra. Derfor var det alltid ein reservekommentator klar i studio i Oslo.
– På banene i England var det heller ikkje så enkelt for oss kommentatorar. TV-selskapet der var vane med å sende kampar heime. Men når vi kom tre ekstra kommentatorar frå dei nordiske landa, tok vi for mykje plass.
– Då rigga dei til provisorisk som best dei kunne – bord og stolar ute på sidelinja eller på taket av tribunen. Vi måtte meir enn ein gong klatre høgt opp i smale stigar, og var utsett for vind og ver der oppe. Ikkje sjelden sat vi under ein paraply og kommenterte.
– Men eg tror ikkje sjåarane merka så mye til vanskane vi hadde, sa Høysæter.
– Og alt blei jo betre etter kvart.