Trondheims-Ørn og LSK Kvinner (eller forgjengarane) har lange finaletradisjonar bak seg.
LSK Kvinner byggjer på Setskog/Høland, stifta i 1989. Den skifta namn til Team Strømmen i 2001, og til LSK Kvinner i 2009.
Setskog/Høland vann cupfinalen i 1992, Team Strømmen tapte finalene i 2005, 2008 og 2009. Klubben har aldri før spela finale under namnet LSK Kvinner.
Trondheims-Ørn var Noregs dominerande fotballklubb på kvinnesida på 90-talet, og har vunne cupen åtte gonger – derav fire på rad 1996-1999. Frå 1993 til 1999 spela dei sju strake finaler, og vann seks av dei. I tillegg tapte dei fire finaler på 70- og 80-talet, pluss 7-0-tapet for Røa i 2010.
Her er eit knippe scoringar frå nokre av finalene: