Hopp til innhold

Dette er den eldste fotballbana i verda

Fredag kveld kjem den eldste ligaklubben til Bramall Lane for å markere 125 år med ligafotball.

Bramall Lane.

Bramall Lane i Sheffield er den eldste fotballbana i verda som framleis er i bruk. Den vart opna våren 1855. Her skal ligaens jubileumssesong opnast når den eldste eksisterande fotballklubben i verda, Notts County, kjem på besøk fredag. Biletet er frå tidleg på 1900-talet

Foto: Ukjent

Med kampen Sheffield United - Notts County opnar The Football League jubileumsesongen sin fredag.

Seks kampar i sesongstarten skal markere at det i år er 125 år sidan dei aller første ligakampane gjekk av stabelen.

Det var 8. september 1888 at det begynte, det som skulle bli ei verdsomspennande "oppfinning": Liga-systemet i fotball, der alle møtte alle i ein fast oppsett speleplan.

Det systemet held stand enno, med berre relativt små endringar i desse 125 åra.

Den engelske ligaen skal markere dette med å gje to kampar i kvar divisjon status som jubileumskampar. Desse kampane vart sette opp før datamaskina sette opp terminlista i juni.

Jubileumskampane er plukka ut på bakgrunn av historikken til ligaen. Sju av laga er blant dei 12 som var med i den aller første sesongen.

Kjem tett på klubben

Burnley vs. Chelsea 1959

På veg mot eit høgdepunkt: Her fyrer Ray Porter av mot Chelseas keeper ein septemberdag i 1959. Burnley skulle ta sitt hittil siste ligameisterskap den sesongen

Foto: William Vanderson / Getty Images

– Vi merkar at det er ein klubb med svært lange tradisjonar, seier Henning Mathisen til NRK.no. Han er leiar av Burnleys norske supporterklubb, ein klubb med 75 registrerte medlemmer.

– Vi merkar det på at det blir snakka om dei gamle heltane frå dei store sesongane, og ikkje minst fordi fleire av dei er i byen og klubbmiljøet enno. Sjølv kjenner eg nokre av dei ganske godt. Di kjem tettare innpå folk i ein mindre klubb enn i dei store i Premier League, seier Mathisen.

Burnley er ein av klubbane som skal arrangere offisiell jubileumskamp. Dei møter lokalrival Bolton heime på Turf Moor laurdag.

– Det er ikkje den verste lokalrivalen. Vi har høgare derbyfaktor i kampane mot Preston og Blackburn, seier Mathisen. Begge desse er forøvrig også klubbar med ligahistorie heilt tilbake til starten i 1888.

– Vi skal ikkje over til opningskampen, vi skal i staden til kampen mot Blackburn 14. september, seier Mathisen.

Bramall Lane

Slik ser det ut på Bramall Lane i nyere tid. Her fra kamp mot Hull.

Foto: SIMON DAWSON / AP

– Ikkje utan sjeik eller russar

Burnleys bane Turf Moor er ei av berre tre baner som har vore i bruk til ligafotball heilt sidan starten. Den har tatt imot opptil 54.775 tilskodarar (mot Huddersfield i FA-cupen i 1924). Burnley har ligameisterskap frå 1921 og 1960 og FA-cup-triumf frå 1914 å vise til.

– Kan Burnley bli eit topplag igjen?

– Nei, det er tvilsamt. Vi kan nok kome oss opp i Premier League og bli der eit par år, men neppe meir enn det. Med mindre det kjem ein sjeik eller ein russar og kjøper klubben, seier Mathisen.

Premier League er ikkje med i jubileet. Som kjent har øvste nivået i engelsk fotball vore ein eigen organisasjon sidan 1992. Dagens Football League består dermed av tre divisjonar - Championship, League One og League Two.

Her er den historiske menyen for jubileumsmarkeringa når årets ligasesong tek til første helga i august:

Championship

Burnley - Bolton: Burnleys bane Turf Moor er ei av berre tre baner som var i bruk i 1888/89, og som framleis er i bruk i The Football League. Lancashire-rivalane Burnley og Bolton har møtt kvarandre i ligasamanheng 114 gonger, og Burnley har faktisk blitt ligameister to gonger – i 1921 og 1960. I 1920-21 gjekk dei 30 kampar utan tap, ein sesongrekord som sto i over 80 år.

Burnley er forresten eitt av berre tre lag som har vunne alle fire divisjonane i ligaen. Dei to andre er Preston og Wolverhampton.

Tilsvarande kamp i første sesong: 4-1 (6. oktober 1888)

Derby - Blackburn: På Pride Park i Derby møtest søndag to klubbar som til saman har blitt ligameister fem gonger. Derby vann i 1972 og 1975, Blackburn i 1912, 1914 og 1995 (Premier League). Også begge desse klubbane var med i1888 då det heile starta.

Blackburn heldt seg elles i øvste divisjon i ligaen samanhengande heilt til 1936 – lengst av alle 12 som var med frå start, saman med Aston Villa, som også rykka ned det året.

Tilsvarande kamp i første sesong: 0-2 (24. november 1888)

League One

Preston North End 1889

Dei uovervinnelege: Dette er Preston-laget som i ligaens aller første sesong vann meir suverent enn nokon annan har gjort i dei 124 seinare åra med profesjonell ligafotball i England

Foto: Hulton Archive / Getty Images

Preston - Wolverhampton: Prestons bane Deepdale er også ei av banene som har vore i bruk sidan 1888. Her vart det faktisk spela kamp på sjølve premieredagen 8. september – Preston "The Invincible" opna med 5-2 over Burnley. Preston gjekk gjennom serien utan tap den sesongen, samstundes som dei vann cupen utan baklengsmål (etter mellom anna 3-0 over Wolves i finalen). Dei vann ligaen også året etter, men har aldri gjort det sidan. Deepdale har vore arena for 2342 ligakampar opp gjennom åra - fleire enn noko anna bane.

Motstandar Wolverhampton var også med frå starten, og vann ligaen tre gonger på 1950-talet.

Tilsvarande kamp i første sesong: 5-2 (27. oktober 1888)

Bramall Lane
Foto: Ukjent

Sheffield United - Notts County: Her er det mykje fotballhistorie. Den eldste eksisterande fotbaklubben i verda skal på besøk til verdas eldste bane for profesjonell fotball, Bramall Lane (opna 30. april 1855).

Notts County – stifta i 1862 – var også ein av dei 12 originale ligamedlemmene, Sheffield United kom ikkje inn i ligaen før i 1892. Men medan Sheffield United har eitt ligameisterskap (1898), har aldri Notts County vunne ligaen.

Første tilsvarande ligamøte: 0-1 (19. februar 1898)

Det er denne kampen som opnar The Football League 2013/14 - fredag 2. august kl 20.45.

League Two

Newport County - Accrington Stanley: Her er vi i den andre enden av historieskalaen. Denne kampen går på ligaens nyaste arena hos den ferskatse klubben. Rodney Parade heiter bana, og Newport County er nyopprykka via playoff i Conference i vår.

Den walisiske klubben er rettnok ikkje utan ligakontakt frå tidlegare. Gamle Newport County rykka ut av ligaen på slutten av 1980-talet og gjekk konkurs.

Motstandar Accrington Stanley har også solide historiske band, ettersom Accrington FC var med blant dei 12 opprinnelege klubbane. Men Stanley har berre bynamnet felles med den gamle klubben.

Har aldri møtt kvarandre lidlegare.

Rochdale - Hartlepool: På Spotland i industribyen Rochdale skal heimelaget møte Hartlepool for 137. gong. Ingen andre av dei noverande ligaklubbane har møtt kvarandre oftare enn det.

Bortsett frå det, har desse klubbane har desse klubbane spela ei beskjeden rolle i ligahistorie - alltid i ein av dei to lågaste divisjonane. Rochdales største prestasjon er finaleplass i ligacupen i 1962. Hartlepool er vel mest kjend som klubben der Brian Clough begynte sin manager-karriere.

Første tilsvarande møte: 0-1 (14. januar 1922)

Fotball

  • Botheim matchvinner etter at «Tokki» mistet hodet

    Tokmac «Tokki» Nguen mistet de siste sju minuttene av storkampen mellom Djurgården og Malmö etter at han fikk rødt kort. Så ble Erik Botheim helten på overtid.

    – Det var en kjempetøff kamp med høy temperatur. Vi visste at det var marginer som ville avgjøre det, sa Botheim til Discovery og fortsatte:

    – Det er dritdeilig. Overtidsscoring borte mot Djurgården, får man noe deiligere enn det?

    Kampen tok fyr i sluttminuttene med en nordmann på hvert sitt lag i hovedrollene.

    I 82. spilleminutt på stillingen 0-0 var Nguen på vei gjennom, men ble stoppet av Malmö-forsvarer Derek Cornelius.

    Cornelius jublet hemningsløst over Nguen, som svarte med å løpe ned canadieren og fikk raskt det røde kortet.

    – Jeg spurte linjedommeren hvorfor jeg fikk rødt, og da sa han at jeg slo. Det er helt feil, sier Nguen ifølge TT og forklarer:

    – Det første instinktet var å jage ballen, men så sto han der. Han provoserte meg, og jeg gikk med på det.

    Det skulle vise seg å bli skjebnesvangert for vertene, for tre minutter på overtid stanget Botheim inn matchvinnerscoringen for Malmö. (NTB)

    Fotboll, Allsvenskan, Djurgården - Malmö FF
    Foto: BILDBYRÅN
  • Arne Slot: – Jeg vil til Liverpool

    Feyenoord-trener Arne Slot legger ikke skjul på ønske om å bli Jürgen Klopps etterfølger som Liverpool-manager.

    – Det er ingen hemmelighet at jeg vil til Liverpool, iser Slot til ESPN like før Feyenoords kamp mot Go Ahead Eagles torsdag kveld.

    – Feyenoord og Liverpool er i forhandlingssamtaler. Jeg venter på hva som kommer ut av det. Jeg er selvskikker, og venter på at klubbene skal komme til enighet, fortsetter Slot.

    Nederlenderen har de siste dagene blitt sterkt koblet til Liverpool-jobben når Klopp forsvinner etter sesongen.

    Den nederlandkse storavisen De Telegraaf har skrevet at Feyenoord kan kreve opptil 15 millioner euro for Slot, som har en kontrakt med klubben som går ut sommeren 2026.

    Liverpool-kaptein Virgil van Dijk har snakket varmt om landsmannen som en potensiel manager.

    – Jeg synes han spiller på en måte og med en sånn filosofi at han kunne vært Liverpool-manager. Vi får se. Neste år kan vi fokusere på det, sa van Dijk til nederlandske Viaplay onsdag.

    Arne Slot
    Foto: Russell Cheyne / Reuters
  • Vålerenga-spissen slo tilbake i enkel cupseier

    Vålerenga hadde få problemer mot 3.-divisjonsklubben Oppsal og gikk videre til 3. runde i cupen etter 4-0-seier. For Mees Rijks ble det en liten revansj etter helgens utvisning mot Lyn.

    Rijks ble slaktet av egen sportssjef etter sitt røde kort i helgens byderby. Nederlenderen ble utvist på stillingen 1-0 til VIF, og kampen endte til slutt 1-1.

    Torsdag fikk Rijks æren av å score Vålerengas siste i 4-0-seieren mot Oppsal.

    – Det har ikke vært lett de siste dagene siden det røde kårtet. Sånn er spillet. Det har vært en spesiell uke, sier Rijks til TV 2.

    Tidligere i kampen hadde Jones El-Abdellaoui, Vegar Eggen Hedenstad og Aleksander Hammer Kjelsen scoret Vålerengas tre første mål.

    Neste uke får Vålerenga besøk av Tromsø i cupens tredje runde.

    De to siste eliteserielagene var også i aksjon torsdag kveld. Med Fredrikstad og Sarpsborg 08 sine avensement røk ingen av de 14 gjenværende klubbene fra øverste nivå ut i andre runde.

    Fredrikstad tok seg videre etter 5-2-seier mot Eik Tønsberg. Laget fra Plankebyen får besøk av Rosenborg i neste runde.

    Sarpsborg 08 gjorde jobben med sin 2-1-seier mot Hønefoss. Østfold-laget møter Råde borte i runde tre.

    NM i fotball 2024: Oppsal - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB
  • Får ha gummigranulat på Grefsen stadion

    Kjelsås Idrettslag får unntak fra det lokale forbudet mot gummigranulat i nytt kunstgress når Grefsen stadion skal rehabiliteres.

    Arbeiderpartiet og Høyre sikret flertall for Fremskrittspartiets forslag om å gi dispensasjon i bystyret onsdag kveld.

    Partiene mener at alternativene gir dårligere baneforhold vinterstid og viser til at Skeid og Lyn har fått samme unntak tidligere.

    Frps Magnus Birkelund sier at toppfotballen må likebehandles.

    – Når Kjelsås Idrettslag er en del av topp-fotballen må de kunne forholde seg til de samme reglene som andre klubber på tilsvarende nivå, sier politikeren.

    Kunsgressbane med gummigranulat
    Foto: Lars Thomas Nordby / NRK
  • Alle eliteserielagene videre i cupen

    Flere eliteserielag var i trøbbel underveis i cupens andre runde, men samtlige av lagene som var i aksjon onsdag tok seg videre til tredje runde.

    Lillestrøm slapp virkelig med strekken mot Strømmen. Etter at Lillestrøm ledet 5-1 med en halvtime igjen, kom Strømmen voldsomt tilbake og kampen endte 5-4 til Lillestrøm.

    Brann fikk en marerittåpning og lå under 0-1 mot Askøy, og til pause sto det 2-2. I den andre omgangen sikret imidlertid Brann en sikker 5-2-seier.

    Viking lå under 2-3 for 4.-divisjonsklubben Torvastad, men en sen snuoperasjon sørget for 4-3-seier for siddisinene.

    Rosenborg vant 3-1 borte mot Ull/Kisa, Bodø/Glimt vant 2-0 over Junkeren, mens Molde dro i land en sliteseier med 2-1 over Strindheim.

    I tillegg har Tromsø, Kristiansund, KFUM, HamKam, Odd og Strømsgodset tatt seg videre.

    Haugesund og Sandefjord røk begge ut i første runde. Fredrikstad og Sarpsborg 08 spiller først torsdag, mot henholdsvis Eik Tønsberg og Hønefoss.

    I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland