Ronaldo scora i kampens første minutt, og derfrå kontrollerte heimelaget. Ronaldinho la på til 2-0 på straffe før kvarteret var spela, og Adriano scora rett før pause. Luis Cristaldo reduserte for gjestene rett etter pause, men dette var Brasils kamp.
i Santiago spela Chile og Colombia 0-0 i ein kamp med fleire utvisningar enn målsjansar. To mann frå kvart lag vart sende av banen.
Uruguay kom til kampen mot Ecuador med tre strake tap bak seg, og snudde trenden med siger 1-0. Målet var av den kontroversielle sorten. Headinga frå Carlos Bueno vart boksa bort av Ecuadors målvakt. Men linjedommaren meinte at ballen hadde kryssa målstreken først, og godkjende målet.
I den siste kampen i natt slo Paraguay Venezuela 1-0. Venezuela starta VM-kvalifiseringa sensasjonelt godt, men har berre eitt poeng på dei tre siste kampane.
Brasil leier tabellen eitt poeng framfor Argentina, som slo Peru 3-1 laurdag. Paraguay held tredjeplassen, to poeng etter Brasil.
Dei fire øvste laga på tabellen etter dei 18 serierundane går til VM i Tyskland i 2006. Lag nummer fem må ut i omspel mot Oceania-vinnaren, som vanlegvis er Australia.
Kampfakta søndag
Chile - Colombia 0-0
Raudt kort: John Viafara (Colombia) 17, Claudio Maldonado (Chile) 20, Rodrigo Perez (Chile) 71, Jairo Patino (Colombia) 71.
Publikum: 63.000
Paraguay - Venezuela 1-0 (0-0)
Mål: 1-0 Carlos Gamarra (53).
Publikum: 45.000
Brasil - Bolivia 3-1 (3-0)
Mål: 1-0 Ronaldo (1), 2-0 Ronaldinho (str. 13), 3-0 Adriano (44), 3-1 Luis Cristaldo (49).
Publikum: 72.000
Uruguay - Ecuador 1-0 (0-0)
Mål: 1-0 Carlos Bueno (58).
Publikum: 40.000
Tabellen
Brasil 8 4 4 0 14 8 16
Argentina 8 4 3 1 14 7 15
Paraguay 8 4 2 2 10 8 14
Chile 8 3 3 2 9 7 12
Ecuador 8 3 1 4 8 8 10
Venezuela 8 3 1 4 6 8 10
Uruguay 8 3 1 4 13 19 10
Peru 8 2 3 3 10 10 9
Colombia 8 2 2 4 10 10 8
Bolivia 8 2 0 6 10 19 6