Solveig Gulbrandsen scora med eit kjempeskot rett før pause og Linda Melissa Wiik i tomt mål eit drygt kvarter før slutt dobla leiinga.
I siste minutt fekk Noreg straffe. Målvakta redda, men Trine Rønning sette inn returen.
Noreg dominerte heile kampen, men sleit med å få mål på sjansane mot det tette austerrikske forsvaret. Først mot slutten losna det, og då skapte laget sjansar. Men effektiviteten var ikkje på topp.
Gjestene skapte knapt ein sjanse i heile kampen.
Noreg står dermed med seks poeng etter 3-0 i begge sine to første kampar. Neste kamp er mot hovudutfordrar Russland 27. oktober.
Kampfakta:
Noreg - Austerrike 3-0 (1-0)
Åråsen stadion
478 tilskuere
Mål: 1-0 Solveig Gulbrandsen (44), 2-0 Melissa Wiik (73), 3-0Trine Rønning (90).
Dommer: Anelia Sinabova, Bulgaria.
Gult kort: Marlies Hanschitz (61), Østerrike.
Laga:
Norge (4-3-3): Bente Nordby, Siri Nordby, Trine Rønning, Ane S. Horpestad (Marit Fiane Christensen frå 60.), Camilla Huse, Solveig Gulbrandsen, Lene Storløkken, Marie Knutsen, Melissa Wiik (Kristin Lie frå 81.), Lise Klaveness (Leni Larsen Kaurin frå 68.), Lene Mykjåland.
Ubrukte reservar: Erika Skarsbø Gunhild B. Følstad, Maritha Kaufmann, Madeleine Giske.
Austerrike (4-5-1): Birgit Leitner, Birgit S. Hufnagel, Kathrin Hollnuller, Marlies Hanschitz, Carina Henninger, Nina Burger (Marion Grubner frå 84.), Isabella Berger, Melanie Fischer, Nina Aigner, Irene Fuhrmann (Maria Gstottner frå 73.) Cornelia Haas (Tanja Legenstein frå 51.).
Ubrukte reservar: Bianca Reischer Susanna Koch.