Den regjerande verdsmeisteren har ikkje scora i dei to siste kvalifiseringskampane, og sleit lenge også med å trenge gjennom Perus velorganiserte forsvar. Ronaldo missa dei to einaste sjansane Brasil fekk før pausen, og måtte tole pipekonsert frå dei 50.000 på tribunen.
Men det var Real Madrid-stjerna som stod bak pasninga som Kaka sette i mål, 4 timar og 29 minutt etter forrige gong Brasil scora.
- Vi skulle vore langt meir kreative mot eit så defensivt lag som Peru, sa landslagssjef Carlos Alberto Parreira.
Brasil er dermed berre to poeng bak Argentina når 12 av dei 18 rundane i kvalifiseringa er ferdigspela.
Ecuador slo Paraguay 5-2 og tok fastare grep om tredjeplassen.
Gjestene sjokkopna og leia 2-0 etter eit kvarter, etter mål av Jose Cardozo (straffe) og Salvado Cabanas.
Men Ecuador utlikna før pause og plussa på to til før det var gått fem minutt av andre omgang. Edison Mendez og Antonio Valencia scora to kvar, alle mål på langskot frå godt utanfor 16-meteren. 19 år gamle Valencia spela sin første obligatoriske landskamp. Marlon Ayovi satte inn det femte og siste på straffe.