Sakene er eigentleg urelaterte, men kan passe som hand i hanske.
Hareide har allereie blitt lansert som ein mogleg AaFK-trenar. Når han no flyttar heim til Noreg og Molde gjer ikkje han seg sjølv mindre aktuell.
- Les også:
- Les også:
Åge Hareide var trenar og manager i Viking frå 2010 til sommaren 2012. I tillegg har han trenar landslaget, Molde og Rosenborg i Noreg.
Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpixÉin i rekkja
Etter at Hareide i sommar måtte sjå seg ferdig som Viking-trenar, fekk han tilbod frå Sverige.
Gamleklubben Helsingborg ringte, der Hareide blei tilsett på ei halvårskontrakt. Han leia klubben til ein sjetteplass i Allsvenskan.
Kontrakten med Helsingborg går ut 6. desember, med kun ein bortekamp mot Twente i Europaligaen som gjenståande.
Deretter flyttar Hareide heim til Molde, og føyer seg inn i ei lang rekkje av arbeidslause norske trenarar.
Kjetil Rekdal fekk måndag kveld sparken i AaFK. Han har blitt nemnt som ein mogleg ny VIF-trenar i lang tid.
Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix– Fått det med meg
I eit intervju med Nettavisen seier 59-åringen frå Hareid at han ikkje er ferdig med fotballen.
I augneblinken er Aalesund éin av klubbane utan hovudtrenar. Vålerenga er ein annan.
Etter at Kjetil Rekdal blei sparka i AaFK, fekk rådgjevar for Rekdal, Trond Mathisen, spørsmål om dei hadde vore i dialog med Vålerenga.
– Det har eg ingen kommentar til, svarte rådgjevaren.
Rekdal har uansett blitt nemnt hyppig sidan Martin Andresen blei sparka i Oslo-klubben. Dei ledige stillingane har Hareide òg fått med seg.
– Eg har fått det med meg, men eg har ikkje tenkt noko over det. Begge klubbane er gode klubbar, men dei finst det mange av, seier Hareide.
Klubbdirektør i AaFK Henrik Hoff (t.v.) og styreleiar Kjell Tennfjord er på jakt etter ny trenar. Her frå pressekonferansen etter sparkinga av Kjetil Rekdal.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix(NRK/NTB)