Hopp til innhold

Rekdal har fått sparken i AaFK

Etter eit styremøte måndag kveld har Kjetil Rekdal fått sparken frå jobben som AaFK-trenar.

Styreleiar i Aalesunds Fotballklubb, Kjell Tennfjord, fortel om sparkinga av Kjetil Rekdal.

Styreleiar i Aalesunds Fotballklubb fortel om sparkinga av Kjetil Rekdal. NRK og Sunnmørsposten var på Color Line Stadion like etter styremøtet.

– Det er sånn som skjer i fotball. Ein trenar vil alltid vere i ein utsett posisjon.

Det seier Kjetil Rekdal til NRK.no etter at kontrakten med Aalesunds Fotballklubb har blitt avslutta.

Rekdal kom til AaFK i 2008, og etter to cupgull og spel i Europa, har 44-åringen fått sparken.

– Det er sjølvsagt trist, og då er det slik at ein epoke er over. Då legg du eigentleg frå deg alt du hadde av tankar for 2013, dei berre kappar du. No får ein tenkje på noko anna, seier Rekdal.

Den tidlegare fotballproffen var ikkje sjølv på styremøtet til AaFK måndag kveld.

Henrik Hoff og Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal og Henrik Hoff har vore ueinige i haust. No skil dei lag, men berre Rekdal forsvinn ut av dørene på Color Line Stadion.

Foto: Yttri, Tor / NTB scanpix

– Dei treng ikkje forklare

Rekdal blei oppringt av styret.

– Då dei ringte fekk eg opplese pressemeldinga. Då gadd eg eigentleg ikkje å høyre meir etter.

– Dei treng ikkje å forklare noko for meg, slår Rekdal fast til NRK.no.

Den første tanken som slo ned i hovudet på Rekdal var av den meir trivielle sorten.

– Det først eg tenkte var at eg no må endre turen min til Gran Canaria. Frå 29. desember til 19. januar, den må eg gjere noko med.

Avslutta etter styremøte

Måndag kveld hadde styret i Aalesunds Fotballklubb eit styremøte. Den mykje omtalte evalueringa blei der lagt fram og diskutert.

Etter over fire timar kom styreleiar Kjell Tennfjord og Henrik Hoff ut av møtet og møtte den oppmøte pressa i NRK og Sunnmørsposten.

– Styret i Aalesunds Fotballklubb har i møte i dag avgjort å avslutte kontrakten med hovudtrenar Kjetil Rekdal med umiddelbar verknad, opplyste styret i AaFK.

Sportsleg resultat er ikkje grunnen

Ifølgje ei pressemelding som styre har sendt ut, skal evalueringa ligge til grunn for sparkinga.

– Avgjersla er basert på konklusjonane som kjem fram av den evalueringa som er gjennomført for sesongen 2012.

– Dei sportslege resultata inneverande sesong er ikkje grunnen til styret si avgjersle.

Då Kjell Tennfjord stilte til intervju like etter møtet var han ikkje veldig snakkesalig, men han kunne opplyse om at avgjersla blei einstemmig vedteke. (Sjå heile intervjuet med Tennfjord øvst i saka.)

Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal er ferdig i Aalesunds Fotballklubb.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– «Reka» kjem alltid tilbake

Kjetil Rekdal sin rådgjevar, Trond Mathisen, blei intervjua berre minuttet etter at nyheita sprakk.

– Eg fekk akkurat vite det sjølv, og dette er ei sak mellom Kjetil og klubben, sa Mathisen.

– Har Rekdal følt mistillit blant spelarane?

– Ikkje som eg er kjent med.

Mathisen er overtydd om at Rekdal raskt returnerer til trenarstolen i ein annan klubb.

– Han vil heilt sikkert halde fram som trenar. No skal han først få lov til å fordøye denne nyheita, men «Reka» kjem alltid tilbake.

– Har de vore i dialog med Vålerenga?

– Det har eg ingen kommentar til, avsluttar Rekdal sin rådgjevar.

I Aalesunds Fotballklubb er trenaransvaret, inntil vidare, i hendene til dei andre i dagens trenarteam.

Rekdal

Kjetil Rekdal fortel at der heilt sikkert er ein del ting som kunne vore gjort og handtert annleis.

Foto: Bertinussen, Rune Stoltz / NTB scanpix

Oppsummerer åra som ein suksess

– No må eg ein tur på kontoret og pakke med meg tinga mine. Eg må finne eit tidspunkt, seier Kjetil Rekdal til NRK.no.

– Korleis vil du oppsummere åra dine i AaFK?

– Dei har vore svært suksessfulle. Mange unge spelarar har blitt integrert og AaFK har skaffa spelarar av internasjonal toppklasse.

– Det har vore mykje positivt. Sesongen i år har ikkje vore enkel. Det har vore frustrerande med lite folk på treningsfeltet, eigentleg vanskeleg å få utvikla oss vidare, seier Rekdal.

– Køyre ungane i barnehagen

No vil den tidlegare AaFK-trenaren gå gjennom kva han ikkje er fornøgd med, og kva som kunne vore gjort annleis i tida i Ålesund.

– Det er sikkert ein del som kunne vore gjort annleis. Det vil alltid vere slik, men det å brette ut i media er ingen vits.

– Kva tenkjer du om framtida no då?

– Det veit eg ikkje. Fotballen har vore livet mitt heile tida, så det er naturleg å tenkje i dei baner. Men like etter å ha fått melding om at du ikkje lenger er trenar går ein ikkje å tenkjer på det

No tek Rekdal livet heilt med ro.

– I kveld tek eg meg eit stort glas med kald cola og ein matbit. Så legg eg meg, før eg skal køyre ungane i barnehagen i morgon tidleg. Så får vi sjå kva som skjer deretter. Men mi tid som AaFK-trenar er ferdig i dag, og då er det ikkje noko meir å føye til, avslutta Rekdal.

Sportsnyheter

Norge møtte Østerrike i den første kampen i nasjonsligaen.

Graham Hansen svarer NRKs ekspert: – Et ufortjent stempel

Før kampen mot Østerrike skrev Carl-Erik Torp at de norske spillerne ikke kunne klage lenger. Nå får han svar av Caroline Graham Hansen.

Siste nytt

  • Carlsen vant Speed Chess Championship

    Magnus Carlsen vant fredag lynsjakkturneringen Speed Chess Championship. I finalen slo nordmannen Hikaru Nakamura.

    I online-turneringen har Carlsen har utklasset alle sine motstandere.

    (NTB)

    Norway Chess
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Xavi forlenger med Barcelona

    Xavi (43) bekreftet fredag at han kommer til å forlenge kontrakten som trener for Barcelona med ytterligere ett år.

    Den nye kontrakten strekker seg fram til 2025. Et par timer senere kom også bekreftelsen fra klubben.

    Den tidligere midtbanespilleren tok over trenerjobben i 2021, og han ledet klubben til et nytt seriemesterskap sist sesong.

    – Vi vant to titler sist sesong og er en klubb i utvikling, sier treneren som overtok jobben på en treårskontrakt etter nederlenderen Ronald Koeman. Den kontrakten han hadde løp til 2024.

    Barcelona er plassert som nummer to i årets La Liga, to poeng bak Real Madrid. (NTB)

    6llf_df4WrY
    Foto: AP
  • Sverige markerte sammen med det spanske landslaget

    Sammen med Spania markert Sverige sin motstand mot bråket i det spanske fotballforbundet før lagenes kamp i nasjonsligaen fredag kveld.

    Før kampen poserte de to lagene med et stort banner med teksten «Vår kamp er en global kamp».

    De siste ukene har det vært mye bråk i det spanske forbundet etter at fotballpresidenten kysset en av spillerne på munnen, mot hennes vilje, etter VM-triumfen i sommer. Flere av landslagsspillerne har nektet å spille og presidenten har etter hvert gått av.

    Helt opp til denne uken var det usikkert om Spania i det hele tatt kunne stille lag i nasjonsligakampene mot Sverige og Sveits.

    En avtale mellom regjeringen og fotballforbundet gjorde at de fleste av de uttatte spillerne møtte opp til kamp under den nye treneren Montse Tome.

    Sverige og Spania markerer sammen
    Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Se høydepunktene fra Norge - Østerrike 01:08
Neste