NRK Meny
Normal

Glimt tapte heime mot ni mann

Bodø/Glimt er framleis heilt sist i eliteserien etter at dei også tapte heime mot eit Haugesund-lag som spela nesten ein halv omgang med berre ni mann.

Gult kort

Her får Christian Gytkjær gult kort. Han skulle få eitt til, og Haugesund måtte til slutt spele med ni mann

Foto: Torbergsen, Mats / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– No må vi gå i oss sjølve og begynne å vakne. Dette er langt frå godt nok, sa Bodø/Glimts Trond Olsen til CMore.

Haugesund fekk to mann utvist og måtte spele med ni mann i meir enn 20 minutt, men klarte likevel å slå Bodø/Glimt 2-1 på Aspmyra.

– Sigeren betydde alt for oss no. Vi har slite big time i dei første kampane, og tre poeng er godt å ta med seg inn i ein hektisk periode, sa FKH-trenar Jostein Grindhaug til CMore.

Christian Gytkjær fekk sitt andre gule kort i dei siste sekunda i første omgang, då Haugesund leia 1-0 etter eit praktfullt frispark av Joakim Våge Nilsen.

– Det var litt i overkant strengt, sa Karl-Petter Løken i NRKs radiostudio.

Vegard Skjerve lei same skjebne midtveges i andre omgang, etter at han nokre minutt tidlegare hadde dobla Haugesund-leiinga.

– Den var heilt grei. Han takla hardt og heilt unødvendig, sa Løken.

Også Haugesunds assistenttrenar vart vist bort. Han viste svært tydeleg kva han meinte om den første utvisninga, og måtte forlate lagleiarbenken.

Haugesund hadde god kontroll på kampen fram til 2-0 og det andre raude kortet. Men etterpå overtok Glimt og pressa sterkt mot dei ni gjestespelarane. Men dei kom aldri nærmare enn Fitim Azemis redusering ti minutt før full tid.

Sigeren var Haugesunds første for sesongen. Glimt er sist med sitt eine poeng.

Sigeren er også FK Haugesunds første på Aspmyra.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.