Stokkelien kan få ei av hovudrollene når New York Cosmos skal møte det cubanske landslaget i ein privatkamp i Havana 2. juni.
Det er den første fotballkampen mellom lag frå dei to landa sidan president Barack Obama i desember letta på den amerikanske blokkaden av Cuba – ein blokkade som har eksistert i meir enn 50 år.
Kampen er meint å vere eit symbol på
. Så spørst det om det vil ha noko betydning.Trur ikkje på stor betydning
Professor Matti Goksøyr ved Norges Idrettshøgskole har ikkje den heilt store trua på det.
– Skal eg vere heilt ærleg, trur eg ikkje det har så stor betydning. Det byggjer eg på at USA og Cuba faktisk har hatt idrettssamkvem før, utan at det har hjelpt, seier han, og konkretiserer:
– I 2006 arrangerte USA det første World Classic i baseball. Det er ein idrett som er stor på Cuba også, og det ville vere heilt unaturleg å ikkje invitere dei. Det utløyste ein stor diskusjon om dei cubanske spelarane skulle få sleppe inn i USA. Det fekk dei til slutt, men det endra ingenting på blokkaden den gongen, seier Goksøyr.
Fidel Castro gjorde statskupp og innførte kommunismen i 1959. To år etter braut USA alt diplomatisk samband med Cuba, og innførte full blokade etter
hausten 1962.Sist eit profesjonelt lag frå USA var på besøk på
, var i 1999 då baseballaget Baltimore Orioles spela kamp mot Cubas landslag i Havana.– Ein fantastisk sjanse
– Det blir ei historisk hending, seier Stokkelien til NRK. Han ser fram til turen til den karibiske øystaten.
– Har de merka stor interesse rundt dette?
– Ja, det har vore mykje skriveri om dette, både her i New York og i resten av USA. Vi viser at det er mogeleg å bruke fotball for å skape betre relasjonar mellom menneske og land. Så det er ein fantastisk sjanse å dra ned der, seier Stokkelien.
Symbolverdi
Det er ikkje første gongen sport blir brukt som brubyggjar i internasjonale konfliktsituasjonar. Men har det nokon betydning?
– Det er sjeldan direkte avgjerande for å løyse ein konflikt. Men det har ofte stor symbolverdi, og symbolverdi kan vere viktig. Ikkje minst fordi sport er ein svært synleg arena, seier Goksøyr.
Han seier at idrettssamarbeid og møte på idrettsarenaen kan vise vilje til å løyse eit problem og å byggje bru.
– Det er opp til politikarane korleis dei vil utnytte dette. Politisk er det ofte ufarleg å møtest på ein idrettsarena. Der kan politikarane uforpliktande vise seg saman med motparten, og kanskje også få ein sjanse til å ta uformelle kontakter. Og det blir veldig synleg når dei politiske toppane møtest på store idrettsarrangement, seier Goksøyr.