Ifølgje vitne var det svenskar som starta bråket. Allereie på t-bana frå Vallhall til Oslo sentrum skal gruppa ha begynt å hetse ei gruppe innvandrarar, og fleire passasjerar vart utsette for vald.
Mange politifolk var på plass på Oslo S, og poiltiet opplyser at ni svenskar og ein nordmann er pågripne.
Politiet meiner det dreier seg om såkalla "casuals", som følgjer sine klubbar berre for å slåst og lage bråk. Dette er folk som ikkje stiller i supporterutstyr, heller i dyre merkeklær.
Også i København var det bråk i samband med ein Royal League-kamp. Danske Brøndby-tilhengarar prøvde å gå til angrep på grupper av svenskar etter kampen mellom Brøndby og IFK Göteborg. Politiet pågreip 20 personar, dei fleste for vald mot offentlege tenestemenn.
To IFK-tilhengarar måtte til sjukehus etter kampen. Begge seier dei vart skadde av politiet, og vurderer å melde saka, skriv Aftonbladet.