Hopp til innhold

Flo vil ha fleire City-spelarar til Strømsgodset

– Samarbeidet fungerer ufatteleg bra, seier Godset-direktøren, som planlegg å låne to nye spelarar frå Premier League-serieleiaren denne sesongen.

Strømsgodset

Strømsgodsets sportsdirektør Jostein Flo kan glise breitt over å ha to City-talent i stallen (Mohammed Abu og Razak Nuhu). No er planen å låne fleire talent frå Manchester-klubben.

FBL-ENG-PR-NEWCASTLE-MANCITY

Roberto Mancini og Manchester City styrer mot seriegull i England. Samstundes skal dei låne ut fleire talent til Strømsgodset.

Foto: ANDREW YATES / Afp

Både Strømsgodset og Manchester City opplever stor suksess i kvar sin liga om dagen. Klubbane jobbar også saman med å utveksle spelarar.

For tida speler City-leigesoldatane Mohammed Abu og Razak Nuhu for serieleiar Strømsgodset.

Samstundes nyt dei også kvardagen med at klubben dei er under permanent kontrakt med toppar tabellen i England.

Begge var dei også involvert i triumfen mot Sogndal søndag. Snart kan dei også få selskap av fleire talent frå Manchesters lyseblå fotballakademi.

Flo til England med to namn på blokka

Sportsdirektør Jostein Flo planlegg nemleg å forsterke stallen med nye City-spelarar.

– Dette er ikkje det siste vi ser av eit samarbeid , sa Flo, og viste til Nuhu og Abu etter 3-0 sigeren mot Sogndal.

– Eg skal til England til veka, og det kan godt hende at det blir ein hyggjeleg tur. Samarbeidet fungerer ufatteleg bra, legg Flo til.

Dei to namna skal ifølgje Nettavisen vere Bismark Adjei «Nana» Boateng og Enock Kwakwa. Begge er fostra opp på akademiet Right to Play i Ghana.

Vil kopiere City

Det er også tydeleg at City-suksessen smittar over på Strømsgodset to leigesoldatar.

Razak Nuhu drøymer no om at Norges mørkeblå serieleiarar kan oppnå det same som laget han er bunden til i England.

For ordens skuld: Manchester City er på veg mot sitt første ligagull sidan 1968.

No vil tida vise om Strømsgodset kan kopiere sitt hittil einaste seriegull frå 1970.

– Vi er bare så vidt i gang. Vi må bare halde fram med å gjøre det vi kan for å halde oss i toppen, for det enno ein lang veg å gå, seier Nuhu til NRK.

I fjor starta Drammenslaget serien nærast like godt som i år, men enda til slutt på ein 8. plass.

Dette året meiner trenar Ronny Deila at laget er endå betre enn 2011-utgåva.

Held den gode Godset-trenden fram, kan dei på sikt bli farlege favorittar til å vinne seriegull – og det med moglegvis fire City-talent i stallen.

PS! Razak Nuhu noterte seg for to målgjevande pasningar mot Sogndal søndag.

Fotball