Hopp til innhold

Desse er mestscorande i eliteserien - men kven er dei?

OSLO (NRK.no): Vi reiste ut med bilde av dei fire som har putta flest mål i Eliteserien. Namna deira var det ikkje spesielt mange som visste.

Toppscorerne i eliteserien

Desse fire er ikkje allemannseige, verken blant dei fleste fotballinteresserte eller mannen i gata. Dei fire, i tillegg til Frode Johnsen, har scora flest mål i Eliteserien så langt. Frå venstre: Abderrazak Hamdallah (Aalesund, 10 mål), Malick Mane (Sogndal, åtte mål), Christian Gytkjær (Haugesund, åtte mål) og Leke James (Aalesund, åtte mål).

Foto: NTB Scanpix

Strand

Roar Strand har blitt seriemeister 16 gonger, noko som er rekord i Europa. Her frå 1996 på Ullevaal i RBK-drakt mot Vålerenga.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Sjølv ikkje Roar Strand hadde full oversikt.

– Heilt ærleg så skjøna eg ikkje kven du meinte med ein gong, men sidan du sa laurdag mot Rosenborg forstod eg kven du meinte, flirer Roar Strand til NRK over telefon.

Tema er målscorarar i Eliteserien, og mannen med flest seriekampar (439 kampar, 86 mål) var litt usikker på kven toppscorar Abderrazak Hamdallah var.

Toppoppgjer på Lerkendal

Namnet ringde inga bjølle, kunne Rosenborg-legenda kunngjere.

– Men eg har sett at han er giftig og målfarleg, følgjer Strand opp med om spissen som skal møte Rosenborg på Lerkendal klokka 18.00 i dag.

Hamdallah, eller Hamed-Allah som han har omdøypt seg sjølv til på fotballbanen, er ikkje åleine om å vere litt anonym i Noreg.

Hamdallah (10 mål), Malick Mane (åtte mål), Christian Gytkjær (åtte mål), Leke James (åtte mål), og sjølv ikkje Frode Johnsen (åtte mål), er det ein kan kalle rikskjendisar i Noreg.

Saka held fram under videoen.

Fem toppscorarar, ikkje alle så veldig kjende for folk flest. Heller ikkje fem langt over gjennomsnittet fotballinteresserte 13- og 14-åringar visste kven Abderrazak Hamdallah, Leke James, Frode Johnsen, Christian Gytkjær og Malick Mane var.

Anders Saxhaug, Jonathan McNicol, Matteus Beldo, Thomas Otnes og Slørdal er godt over gjennomsnittet interessert i fotball, og spelar til dagleg på Frigg sitt G13-lag. Toppscorarane i Eliteserien, litt meir vanleg kledd enn i kamp, var det derimot ikkje lett å gjette kven var. Robin van Persie derimot ...

King og James

Leke James (t.h.) og Joshua King slått saman kunne nok blitt eit absurd stort angrepstalent. Begge to er født i 1992 og gjer det heller godt som fotballspelarar.

Foto: Erlend Aas/Svein Ove Ekornesvåg/montasje / NTB Scanpix/NRK
Frode Johnsen

Well, actually captain, I'm with the British secret service. The name is Johnsen. Frode Johnsen.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

– Er det Joshua King?

Frigg sine 13- og 14-åringar er i hardtrening på Friggfeltet i Oslo, fem karar får løyve frå trenaren til å bli med på ei uhøgtideleg spørjeundersøking. Kjeglene må vente i 10 minutt.

Vi har med bilde av dei fem som har scora flest mål i Eliteserien, pluss eit bonusbilde av fjorårets Premier League-toppscorar Robin van Persie.

Først ut: Hamdallah.

– Veit de kven dette er?

– Nei, følgt av «er han norsk?», er responsen.

Mane er ukjend, medan Gytkjær blir gjetta til å vere Kristofer Hæstad. James har dei derimot sett før.

«Eg har det på tunga!», «Er det Joshua King?» og «Han er nederlendar», blir responsen.

Og så, rutinerte Frode Johnsen – einaste nordmann blant dei fem som har scora flest.

– Eg har sett han før, seier éin av gutane.

– Han kjenner de litt betre?

– Ja, kjem det, avbrote av:

– Eg trur det er ein skodespelar. Eller, nei?

Manchester United-spelar Robin van Persie har derimot inga Hollywood-karriere framfor seg, slik gutane ser det. Han er og blir spiss i Premier League.

Huseklepp, Tarik og Kamara

Når dei fem blir avslørte som dei mestscorande i Eliteserien, blir Frigg-gutane lett overraska. Dei har høyrt om Leke James.

– Kjenner de til andre spissar i Eliteserien?

– Ikkje så veldig mange. Erik Huseklepp? Tarik? Ola Kamara, kjem det frå gutegjengen på fem.

Tarik Elyounoussi har flytta seg til utlandet igjen, til Hoffenheim. Felles for dei tre er at alle har vore i utlandet, Huseklepp i Bari og Kamara i austerrikske SV Ried.

– Vi er ikkje interesserte i norsk fotball. Dei skyt ballen for mykje opp i lufta. Eg likar engelsk og spansk fotball best, fortel Matteus Beldo.

– Eg skulle helst sett litt fleire norske spissar rundtom i verda, litt fleire i dei store ligaene i utlandet, seier Beldo vidare, og kompisane nikkar.

Saka held fram under bildet.

Ola Kamara

Den heimvendte son, Ola Kamara, har imponert over fem kampar for Strømsgodset. Med sju mål på fem kampar etter returen frå austerrikske SV Ried, er Kamara truandes til å snappe til seg toppscorartittelen på ein halv sesong.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix
Nils Arne Eggen

Tidlegare Rosenborg-trenar Nils Arne Eggen er ikkje vidare imponert over talet på scoringar.

Foto: SAKIS MITROLIDIS / Afp

Eggen: – Det blir scora for lite

Blant dei NRK spurte på gate og fotballbane i Oslo hadde nokre kontroll på kven Frode Johnsen var.

Dei fire andre var det svært få som visste kven var. Utanom Huseklepp, Kamara og Elyounoussi, blei mellom andre Morten Berre, Torgeir Børven (meir om han seinare i saka) og Thorstein Helstad nemnde som målscorande spissar i Eliteserien.

Helstad har blitt toppscorar tre gonger, medan målkongane Sigurd Rushfeldt og Harald Martin Brattbakk har blitt toppscorar høvesvis to og fem gonger – alle for Rosenborg i glanstida.

Brattbakk scora 28 mål på éin sesong på det meste, medan Rushfeldt scora 27 på det meste.

– Då Rosenborg var på sitt beste og i Europa, så var det mange som scora. Men nokre scora mykje, Harald, Sigurd og fleire. Det er viktig med mål, men det er òg viktig med mange som scorar, seier Nils Arne Eggen.

Han meiner det ikkje er viktig med éin suveren toppscorar.

– Først og fremst blir det scora for lite, men eg saknar ikkje éin superspiss, slår Eggen fast i prat med NRK.

Nokre har peiling – og ein kamerat som visst nok burde scora flest

På treningsfeltet til Frigg

F.v.: Karl Felix Bendiksen Krafft, Ole Petter Bømark og Morten Nergård Høgblad meiner ein 21-åring frå Skien burde toppe statistikken.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK
Torgeir Børven

NRK gjekk seg på denne mannen, halvvegs inne i ein triksekonkurranse, på éi av Oslo sine fotballbaner. At denne 21-åringen var Vålerenga-spiss såg ikkje journalisten før etter at intervju om toppscorarane i Noreg var etterspurt. Kva hadde vel livet vore utan ironi?

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Medan mange sleit med å kjenne igjen dei fem mestscorande, hadde Karl Felix Bendiksen Krafft, Ole Petter Bømark og Morten Nergård Høgblad relativt grei kontroll.

«Spissen i Aalesund, Hamdallah», «Leke James, trur eg?», «Frode Johnsen», «Eg trur det er han som gjekk frå Sandefjord til Sogndal. Mame? Malick Mane!» kom kjapt. Christian Gytkjær såg ut som ein engelsk keeper, men dei tre visste godt kven det var når dei fekk namnet servert.

– Det er mange om beinet i år i kampen om toppscorartittelen. Det er ikkje så mange som utmerkjer seg, konkluderer Bendiksen Krafft.

Alle tre er frå Skien, og med seg på treningsfeltet hadde dei visst Torgeir Børven – betre kjent som tidlegare Odd Grenland-spelar og noverande Vålerenga-spelar.

– Jaaai, der er ein annan som burde vore på topp, kanskje. Frode Johnsen er bra, men han har vel åtte mål? Det er ikkje stort for å vere ein av dei mestscorande i Eliteserien. Det seier vel litt om nivået, gliser Bømark og kikar på Børven.

– Spissane scorar for få mål, enkelt og greitt, konkluderer Nergård Høgblad, før alle tre bryt ut i latter.

Vålerenga-spiss Børven står så langt med seks mål, og heldt seg litt i bakgrunnen under denne rolege treningsøkta. Per no er han den som har scora nest flest i VIF, slått av superveteran Morten Berre med sju fulltreffarar.

Trur for defensiv tankegang er eit problem

Saka opna med Roar Strand, og saka får avslutte med Roar Strand. Mannen som hadde kallenamnet «Supermann» og scora i 21 sesongar på rad, trur mange klubbar i Eliteserien tenkjer for defensivt.

Harald Martin Brattbakk

Denne mannen, Harald Martin Brattbakk, har blitt toppscorar i Eliteserien fem gonger. Til saman har han scora 166 mål i serien, berre slått av Rushfeldt med 172.

Foto: Nyhetsspiller

– Eg veit ikkje om det er auka fokus på det defensive, eller for mykje defensiv jobbing på angriparane som gjer det. Det er nok ein samanheng, trur den no 43 år gamle mannen.

Han slår fast at han følgjer Rosenborg tettast, ikkje overraskande, og ser at mange av angriparane bruker for mykje krefter defensivt.

– Ein spiss må ha overskot når han er framfor mål. Sigurd (Rushfeldt) og Harald (Martin Brattbakk) var for eksempel veldig gode i 16-meteren. Sigurd kriga inn mål, og Harald dukka opp og sette ballen i hjørnet heile tida.

– Vi treng fleire spissar som er hissigare på å score fleire mål, sa Brattbakk til NRK 31. juli.

– Manglar Eliteserien ein eller fleire spissprofilar, Roar Strand?

– Ja.

Kva seier du: Manglar Eliteserien spissprofilar? Og blir det scora for få mål? Sei meininga di i kommentarfeltet nedst.

Hamdallah

Abderrazak Hamdallah er på veg mot å bli toppscorar, men med det noverande snittet blir det ikkje meir enn 15 scoringar i løpet av Eliteserien som består av 30 kampar. Ole Kamara kan nå 19, kanskje 20, scoringar om han held opp snittet sitt etter Noreg-returen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Fotball

  • Rubiales' etterfølger er klar

    Pedro Rocha ble fredag valgt til ny president i Det spanske fotballforbundet (RFEF), og tar med det over etter skandalepresident Luis Rubiales.

    Forbundet bekrefter ansettelsen på sine hjemmesider fredag.

    «Pedro Rocha har i dag blitt utropt til ny president i Det kongelige spanske fotballforbundet, etter å ha mottatt støtte fra flertallet av forsamlingsmedlemmene», heter det i meldingen.

    Rocha har sittet som midlertidig forbundspresident etter at Luis Rubiales trakk seg fra presidentvervet i september.

    Det har stormet rundt RFEF siden Rubiales kysset Jenni Hermoso på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Kysset førte til at Rubiales måtte trekke seg fra vervet.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon.

    Torsdag ble det kjent at forbundet har havnet under lupen til den spanske regjeringen. Forbundet skal derfor «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD) de neste månedene. (NTB)

    Pedro Rocha
    Foto: THOMAS COEX / AFP
  • Brasil-legende Marta varsler landslagsstopp

    Marta avslutter landslagskarrieren i fotball etter årets kamper. Hun er Brasils mestscorende spiller uansett kjønn.

    Brasil-avgangen kommer fram i et intervju Marta har gitt til CNN. I sommer kan hun få sin sjette OL-deltakelse.

    – Hvis jeg er med til OL, skal jeg nyte hvert øyeblikk. For uansett om jeg drar dit eller ikke, er dette mitt siste år på landslaget. Det vil ikke være mer Marta som landslagsspiller i 2025, sier 38-åringen.

    Hun var med på å ta OL-sølv i 2004 og 2008. Brasil tapte begge finalene for USA. I VM har hun også et sølv etter finaletapet mot Tyskland i 2007.

    Marta har scoret 116 mål på 175 landskamper siden debuten i 2002. På herresiden er Neymar mestscorende for Brasil med 79 nettkjenninger.

    I VM topper Marta også lista som tidenes toppscorer uansett kjønn. Fasiten stoppet på 17 mål fra 23 kamper etter fjorårets exit i gruppespillet. (NTB)

    Marta under fotball-VM 2023
    Foto: Aisha Schulz / AP
  • Moldes stjerneduo spilleklare etter skade

    Både Fredrik Gulbrandsen og Magnus Wolf Eikrem er tilgjengelig for å starte når Molde tar imot Haugesund i Eliteserien søndag.

    Det bekrefter trener Erling Moe overfor TV 2.

    – De er klare til å kunne starte. De er med i betraktningen, og så får vi se hvilket lag vi ender på til slutt, sier Moe.

    Molde-treneren forteller også at Markus Kaasa og Martin Linnes ikke er så langt unna en retur.

    – Det begynner å se bedre ut, og det er selvfølgelig bra for oss, sier han.

    Gulbrandsen måtte av med skade i serieåpningen hjemme mot Strømsgodset, men fikk sitt første innhopp etter skaden da blåtrøyene slo Strindheim i cupens andre runde onsdag.

    Det gjorde også Eikrem, som måtte stå over storoppgjøret borte mot Bodø/Glimt forrige helg. (NTB)

    Gulbrandsen og Eikrem
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
  • Botheim matchvinner etter at «Tokki» mistet hodet

    Tokmac «Tokki» Nguen mistet de siste sju minuttene av storkampen mellom Djurgården og Malmö etter at han fikk rødt kort. Så ble Erik Botheim helten på overtid.

    – Det var en kjempetøff kamp med høy temperatur. Vi visste at det var marginer som ville avgjøre det, sa Botheim til Discovery og fortsatte:

    – Det er dritdeilig. Overtidsscoring borte mot Djurgården, får man noe deiligere enn det?

    Kampen tok fyr i sluttminuttene med en nordmann på hvert sitt lag i hovedrollene.

    I 82. spilleminutt på stillingen 0-0 var Nguen på vei gjennom, men ble stoppet av Malmö-forsvarer Derek Cornelius.

    Cornelius jublet hemningsløst over Nguen, som svarte med å løpe ned canadieren og fikk raskt det røde kortet.

    – Jeg spurte linjedommeren hvorfor jeg fikk rødt, og da sa han at jeg slo. Det er helt feil, sier Nguen ifølge TT og forklarer:

    – Det første instinktet var å jage ballen, men så sto han der. Han provoserte meg, og jeg gikk med på det.

    Det skulle vise seg å bli skjebnesvangert for vertene, for tre minutter på overtid stanget Botheim inn matchvinnerscoringen for Malmö. (NTB)

    Fotboll, Allsvenskan, Djurgården - Malmö FF
    Foto: BILDBYRÅN
  • Arne Slot: – Jeg vil til Liverpool

    Feyenoord-trener Arne Slot legger ikke skjul på ønske om å bli Jürgen Klopps etterfølger som Liverpool-manager.

    – Det er ingen hemmelighet at jeg vil til Liverpool, iser Slot til ESPN like før Feyenoords kamp mot Go Ahead Eagles torsdag kveld.

    – Feyenoord og Liverpool er i forhandlingssamtaler. Jeg venter på hva som kommer ut av det. Jeg er selvskikker, og venter på at klubbene skal komme til enighet, fortsetter Slot.

    Nederlenderen har de siste dagene blitt sterkt koblet til Liverpool-jobben når Klopp forsvinner etter sesongen.

    Den nederlandkse storavisen De Telegraaf har skrevet at Feyenoord kan kreve opptil 15 millioner euro for Slot, som har en kontrakt med klubben som går ut sommeren 2026.

    Liverpool-kaptein Virgil van Dijk har snakket varmt om landsmannen som en potensiel manager.

    – Jeg synes han spiller på en måte og med en sånn filosofi at han kunne vært Liverpool-manager. Vi får se. Neste år kan vi fokusere på det, sa van Dijk til nederlandske Viaplay onsdag.

    Arne Slot
    Foto: Russell Cheyne / Reuters
I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland