Referat:
Etter serierunde nummer 20 er AaFK det mestscorande laget i Eliteserien, hakket framfor Strømsgodset som har spelt éin kamp mindre. Heile 44 nettkjenningar står laget frå Ålesund med.
Så kva har skjedd i tidlegare mål-sparsommelege Aalesund? Leke James og Abderrazak Hamed-Allah har skjedd.
Den marokkanske millionsigneringa har innfridd, og er etter Tromsø-kampen toppscorar i Eliteserien med 10 fulltreffarar. Leke James deler andreplassen, og er éin av tre med åtte mål.
– Dei komplimenterer kvarandre, sa tidlegare Aalesund-spelar og CSports-kommentator Amund Skiri i pausen på Alfheim
– Hamed-Allah er god med ball i føtene og bevegeleg, og James er råsterk.
Mot Tromsø scora spissduoen kvar sitt mål, og trass i sein redusering og raudt kort på debutant Houcine Zaidoune, fekk AaFK hala i land ein 2-1-siger.
Offside, nei!
0–1 på Alfheim kom etter 17 minutt, og scoringa kom på heller merkverdig vis.
Peter Orry Larsen skal spele ballen bak til forsvar eller keeper, men treffer Zdenek Ondrasek i brystkassa. Ballen går som ei kule mot TIL-målet, der Hamed-Allah er vaken. Heimelaget ropar på offside, men sidan Orry Larsen spelte framover fekk marokkanaren skli forbi Marcus Sahlman og legge ballen i ope nett.
Sju minutt seinare kom 0-2, og denne gongen var det Leke James som sette ballen i mål. Ein godt innsvinga corner enda på James sitt hovud, før den gjekk vidare inn i nettet.
Dei oransje og blå kunne scora 0–3 før pause, før Tromsø skulle fått ei redusering på tampen godkjent.
Saka held fram under bildet.
Høg sol øydela for TIL
For etter 44. minutt sette Ondrasek ballen i mål, men linjedommaren heiv opp flagget.
Reprisane viser at TIL-spissen var langt frå i offside. Reprisen viste òg at linjedommaren stod med skarp nordlandssol rett i auga.
– Sjå der, ja. Ondrasek står jo bak han, og det er ingen offside som eg kan sjå. Mål pregar kampar, så hadde vi fått den hadde det vore ein annan dans, konkluderte ein skuffa trenar Agnar Christensen etter kampen.
– Skal ta det med han!
I andre omgang var Tromsø langt betre med på notane, og etter fleire halvsjansar kom 1–2 etter 77 minutt.
Remi Johansen raga høgst på ein corner, og fekk heada reduseringa i mål bak ein utspelt AaFK-keeper Sten Grytebust.
Etter 85 minutt blei derimot Grytebust den reddande engelen, då Ondrasek avslutta frå kort hald. Ei knallredning hindra 2–2.
Like før superredninga hadde Aalesund blitt redusert til 10 mann, då Houcine Zaidoune gjekk inn med strake føter og knottar.
– Det kjennest strengt ut då. Eg har prata med vår nye venn om å stå og forsvare, og gjere det korrekt, sa AaFK-trenar Jan Jönsson direkte på CSports.
Så fekk han sjå videoen:
– Den skal eg ta med han på direkten! Min spelar risikerer eit gult eller raudt kort der, konkluderte han.
Trur det var ein veldig viktig siger
Forutan det raude kortet var Jönsson strålande fornøgd med nok ein bortesiger.
– Det var ein veldig viktig siger, trur eg. I lange stunder synest eg vi spelar veldig bra òg, spesielt fornøgd er eg med første omgang.
– Det var sterkt å kome hit og ta tre poeng. Det kjennest bra, konkluderte den svenske AaFK-trenaren.
For TIL-trenar Christensen er AaFK sin noverande tredjeplass langt, langt unna. Tromsø slit i botnen av tabellen, og ligg på 13. plass – den siste trygge plassen.
– Tabellsituasjonen er den same som før runda. Men vi må ha poeng, slo Christensen fast i prat med CSports. 2-1-tapet var av det bitre slaget:
– Ja, det følest bittert. Vi leverer ingen stor fotballkamp, men vi blir vel snytt for ei scoring. Vi skal vinne heime, og når vi taper er det ikkje godt nok.