NRK Meny
Normal

Fall saman i sjokk og døydde då Lampard scora

Den ugandiske toppspelaren var ein glødande Chelsea-fan. Då Frank Lampard søndag scora mot gamleklubben, døydde ugandaren av det.

Frank Lampard

Frank Lampard jubla ikkje då han utlikna for Manchester City mot laget han spela på i 13 år og vart eit ikon

Foto: PAUL ELLIS / Afp

Fahad Musana (24) var fast på Simba FC i eliteserien i Uganda. Og han var stor tilhengar av Chelsea.

Derfor jubla han hemningslaust da Chelsea tok leiinga borte mot Manchester City.

Men då det tidlegare Chelsea-ikonet Frank Lampard utlikna mot sitt tidlegare lag nokre minutt seinare, seig Musana saman og svima av. Nokre minutt etterpå vart han erklært død.

Legane meinte at sjokket kunne ha ført til at han fekk puste- og hjarteproblemproblem, skriv goal.com .

Lagkameraten Gerald Bagoole fortel at ingenting tydde på førehand på at Musana var sjuk eller hadde problem. Dagen før hadde han spela ligakamp.

– Vi trena som vanleg på føremiddagen og hadde lunsj etterpå. Deretter gjekk han for å sjå Premier League-kampane, først Leicester – Manchester United, så City mot Chelsea, seier Bagoole.

– Han var «hardcore» Chelsea-tilhengar og ville gjort alt for klubben.

– Han var ein fantastisk forsvarsspelar og ein fin ven for mange, seier Bagoole.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.