Hopp til innhold

Den absurde fotballkampen

Soldatane steig ut av skyttargravene og bytte ut geværa og granatkastarane med fotball og julegåver. Så gjekk dei tilbake og tok til å drepe kvarandre igjen.

Fotball jula 1914

Uverkeleg, men eit historisk faktum: Offiserar og soldatar frå begge sider 'tok fri' frå krigen og møttest til vennskapeleg fotball mellom skyttargravene

“Sport in general, and especially football, is a brilliant way to bring people from all backgrounds together. As we count down to the start of our WW1 commemorations, the Premier League’s initiative will use football to help forge lasting links and bonds of friendship as we come together to remember.”

Helen Grant, britisk sportsminister, om jubileet neste år

Denne historia handlar ikkje først og fremst om fotball, men om kontrasten mellom vennskapeleg rivalisering og kamp på liv og død. Og der har fotballen sin plass.

Neste år er det 100 år sidan den mest usannsynlege av alle våpenkviler oppstod. Det skal markerast på mange måtar. Ein av dei er at sjølvaste Premier League skal byggje ein arena i byen der den utrulege våpenkvila oppstod den jula på Vestfronten .

– Så vedunderleg, så rart

– Så vedunderleg, så rart. Og engelskmennene kjende det på akkurat den same måten, skreiv den tyske soldaten Kurt Zehmisch i dagboka si. Han deltok i kampen.

– Vi forstod at det var ei slags våpenkvile, og gjekk opp for å samle inn og gravlegge nokre av våre døde kameratar. Vi såg engelskmenn kome mot oss, og vi tok til å snakke. Brått var det nokre av dei engelske soldatane som kom med ein fotball, og det vart ein livleg kamp av det", fortalde Zehmisch i dagboka som kom for ein dag mange år etterpå.

Mytane og historiene fortel at dei tyske soldatane slo dei britiske med 3–2. Historisk forsking stadfester på ingen måte dette resultatet. Men forskinga stadfester så definitivt at fotballen var sentral då krigen tok ein heilt uventa pause.

Den første forteljinga om fotballkampen dukka opp som eit lesarbrev i The Times allereie 1. januar 1915. Ein militærlege skriv om "ein fotballkamp mellom oss og dei framfor skyttargravene".

Den offisielle militære historia nektar for at det var spela fotball, men mange andre kjelder fortel det motsette – at det var spela fotball, og iallfall tre-fire gonger mellom soldatar frå begge sider.

Den absurde våpenkvila

Det er eigentleg heilt absurd, det som skjedde jula for 99 år sidan. Og ifølgje historikarane kunne det heller aldri skjedd på andre tidspunkt enn nettopp i jula i 1914.

Det var første verdskrigen, staden var området nær den belgiske byen Ypres på Vestfronten.

Verdskrigen braut offisielt ut 28. juli 1914. Utover hausten etablerte frontlinjene seg på vestfronten i grenseområda mellom Frankrike og Belgia/Tyskland. Det utvikla seg til ein fastlåst stillingskrig, der soldatane låg i skyttargravene sine og skaut mot kvarandre.

Skyttargravene strekte seg samanhengande frå Nordsjøen til den franske grensa mot Sveits. Men det var først og fremst på dei knapt 50 kilometrane nærmast Nordsjøen dei tyske og dei britiske styrkane hadde den uverkelege våpenkvila i jula for 99 år sidan.

Allereie då hadde 40.000 britiske soldatar mista livet i krigshandlingane på Vestfronten.

Jula – den som skulle bli den første av fire krigsjuler – nærma seg. Soldatane på begge sider fekk store lass med gåver for å gjere julefeiringa så god som mogeleg.

– På alliert britisk-fransk side var gåvesendingane så store at transportlinjene nesten braut saman, seier historikar Eirik Brazier ved Høgskulen i Telemark. Han veit meir enn dei fleste om første verdskrig, og er saman med to andre i ferd med å skrive ei bok om norske deltakarar i denne krigen.

Såg juletre over kanten

Skyttergraver

Slik såg det ut i skyttargravene i mil etter mil langs Vestfronten. Her låg soldatane og skaut på kvarandre

Men den første jula i krigen vart likevel tung for soldatane – på begge sider. For mange var det første jula heimanfrå nokosinne, og det til og med i ei verd av blod, skyting, og gravlegging av kameratar. Jula blei tung for mange.

Det var dei tyske soldatane som begynte. Rundt klokka halv åtte julaftan såg dei allierte soldatane lys på kanten av dei tyske skyttargravene. Det var toppen av provisoriske juletre som stakk opp.

Det var ikkje stor avstand mellom frontlinjene og skyttargravene – nokre stader heilt ned til 50–60 meter.

"Stille Nacht" frå skyttargrava

Og dei allierte soldatane høyrde meir: Julesongen "Stille Nacht" (Glade jul) lydde over ingenmannslandet imellom. Og så kom det meir, litt meir høglydt og på litt gebrokkent engelsk: "We don't shoot, you don't shoot", frå dei tyske skyttargravene.

– For ein gongs skuld var det tyskarane som starta ein fred, skreiv Michael Jürgs, den første tyske forfattaren som skreiv bok om den historiske og uverkelege våpenkvila jula 1914.

Songen breidde seg over ingenmannslandet som var dekka av lika av falne soldatar. Engelskmennene la til side geværa og lydde. Dei tok til å klappe, skriv Jürgs i boka "Liten fred i stor krig".

Tyske soldatar våga å stikke hovuda opp over kanten, dei plasserte stearinlys oppe på bakken denne klåre og kalde julekvelden i belgiske Flandern.

– Mitt liv er i dykkar hender

Så kleiv ein tysk offiser opp og tok til å synge den skotske balladen "Annie". - Eg er ein løytnant, gentlemen. Eg er ute av grava og går mot dykk no. Mitt liv er i dykkar hender. Vil ein av dykkar offiserar kome ut og møte meg?, sa den tyske offiseren, ifølgje ein av dei britiske soldatane.

– Vi var heilt overvelda, det var som om krigen alt var over, fortalde soldaten mange år etterpå.

Ein britisk sersjant tok sjansen, kleiv opp og gjekk den tyske løytnanten i møte. Andre følgde etter.

Ordet gjekk raskt langs skyttargravene, og hundrevis av soldatar og offiserar frå begge sider var snart ute i ingenmannsland. Langs heile den fire mil lange fronten mellom den belgiske hamnebyen Nieuwpoort og byen Ypres møttest dei stridande, samde om å ikkje skyte på kvarandre gjennom jula.

Offiserer uner WW1

Offiserar frå begge sider poserer for fotografane under våpenkvila i jula

Foto: Tophams / Topham Picturepoint/Press Association Images

I staden feira dei julenatta og første juledag saman. Dei arrangerte fellesgravferder for falne soldatar, dei laga mat saman, dei mingla og snakka saman. Dei utveksla julegåver, dei viste kvarandre bilete av familiane og fortalde kor sårt dei sakna dei no i jula.

Ein stad grilla dei og delte ein heil gris nokon hadde fått, ein annan stad tilbaud ein britisk soldat – frisør i det sivile – hårklipp til både vener og fiendar.

Ein av tyskarane hadde jobba som kelner i London før krigen. – Å, er det du. Deg kjenner eg, eg var hovmeister ved Great Central Hotell, sa ein tysk soldat til ein engelsk offiser denne rare julenatta.

Og dei spela fotball.

Jägermeister og Yorkshire-pudding

Fotball hadde vore spela profesjonelt i England sidan 1880-talet, og i Tyskland nokre år seinare, og var ein idrett som svært mange i 1914 hadde fått eit forhold til.

Derfor var det naturleg st. fotballen fekk sin plass også i denne våpenkvila.

"Dersom historia om jule-våpenkvila på Vestfronten har sin juvel, må det vere den fotballkampen som vart spela mellom tyske og allierte soldatar", skriv nettstaden smithsonian.com .

Ein eller annan på den britiske sida hadde klart å få tak i ein ball. Fotball var allereie då ein idrett med sterk utbreiing både i Tyskland og Storbritannia. Mange av soldatane hadde fotballbakgrunn – ikkje så reint få av dei profesjonelle ligaspelarane var kalla ut til krigsteneste på Vestfronten.

Etter gravferdene var det plass på den frosne bakken. Dei laga til provisoriske mål og tok til å spele – i sine tunge militære uniformer.

– Burde vore annullert for offside

Forteljingane vil ha det til at dei overrekte gåver – tyskarane hadde med jägermeister, engelskmennene yorkshire-pudding. Ei dagbok frå ein tropp frå Lancashire fortel at det enda med 3–2 til Tyskland.

"Men deira tredje mål skulle aldri vore godkjent. Det var klart offside", står det.

Resultatet var uansett ikkje det viktigaste i denne rare fotballkampen.

"Jula – feiringa av kjærleiken – greidde på denne måten å få dødelege fiendar saman for ei lita stund" skriv Zehmisch i dagboka.

Uvisst resultat

– Det er ingen sikre kjelder som fortel om resultat. Men det er heilt sikkert at fotballkampar var ein del av aktivitetane ved denne våpenkvila. Mykje tyder på at det var spelet, avkoplinga og det sosiale som var viktig, ikkje talet på mål. Det var neppe nokon som festa seg ved resultatet, seier Brazier.

Det var nok ikkje berre ein kamp, men fleire. Der det let seg ordne med ball, vart det spela fotball på den aller mest vennskapelege måten. Og ofte med betydeleg meir enn 11 spelarar på kvart lag.

Men det kunne ikkje vare. Utpå kvelden første juledag kom signalet frå skyttargravene: Freden er slutt, kom tilbake og ta til å krige igjen. Soldatane på kvar si side takka for seg.

Nokre stader skjedde dette første juledags ettermiddag, andre stader avslutta dei ikkje før utpå andre juledag.

Kjelder fortel også om stader langs skyttargravene der soldatane skaut i lufta langt over dei fiendtlege soldatane til godt over nyttår og inn i året 1915.

Så gjekk dei tilbake og tok til å skyte på kvarandre igjen. For å drepe fienden.

Leiarane mislikte våpenkvila

Millionar av menneske vart drepne på Vestfronten under første verdskrig. Berre dei britisk-leia styrkane åleine mista over 900.000 mann. Det gjer den spontane våpenkvila denne jula endå meir uverkeleg og absurd.

Dei militære leiarane lika ikkje den spontane og høgst uoffisielle våpenkvila. Ikkje alle stader langs frontlinja var den effektiv heller.

– Nei, det finst eksempel på at soldatar som var ute i ingenmannsland vart skotne og drepne. Men det er unntak, langs store deler av frontlinja var denne våpenkvila nokså effektiv, seier Brazier.

Kunne ikkje ha skjedd seinare

Historikarar seier også at det som skjedde denne jula, ikkje kunne ha skjedd seinare i krigen. For då var krigshandlingane komne så langt at forholdet mellom partane var mykje bitrare enn i 1914.

– Og ikkje minst var propagandaapparata på begge sider mykje betre utbygde enn jula 1914, seier Brazier.

Premier League Christmas Truce Tournament

Premier League er primus motor for den nye fotballarenaen i Ypres i Belgia, nær der våpenkvila oppstod i 1914. Her er eit knippe unge spelarar frå engelske, franske, tyske og belgiske klubbar i samband med ei minneturnering tidlegare denne månaden. Heile anlegget skal stå ferdig neste år, og då blir det også ei stor turnering der

Foto: Getty Images / Getty Images for Premier League

Premier League byggjer fotballbane i Ypres

I 2014 er det hundre år sidan denne minneverdige julefotballen på Vestfronten. I den samanheng skal Premier League byggje ei heilt ny bane i byen Ypres i Belgia. Bana skal stå ferdig i november, akkurat i tide til hundreårsmarkeringa for våpenkvila i 1914.

– Anlegget i Ypres blir ein stad der ein kan forstå korleis sport kan få fram det menneskelege i folk, sa korporal Johnson Beharry. I 2005 fekk han tildelt Victoria-korset, og han fekk også æra av å annonsere planane for anlegget i den belgiske byen.

Allereie sidan 2011 har Premier League arrangert turneringa Christmas Truce Tournament for spelarar under 12 år frå England, Belgia, Frankrike og Tyskland.

I jubileumsåret 2014 skal PL stå som arrangør av ei større turnering.

– Skulle gjere noko daglegdags

Fotballen var også ein faktor seinare under første verdskrig, og då var det ingen våpenkvile.

– Under slaget ved Somme sommaren og hausten 1916 var det ei britisk avdeling som sparka ein fotball mellom seg medan dei rykte fram gjennom ingenmannsland mot dei tyske stillingane, visstnok for å ta merksemda vekk frå krigen med å gjere noko "daglegdags", fortel Nikolai Brandal.

Slaget ved Somme i juli 1916 var eitt av dei blodigaste under første verdskrigen. Nesten ein million menneske omkom.

– Under same slaget deltok også minst tre såkalla "pals batallions" der spelarar, direktørar og tilhengarar frå britiske fotballag kjempa i same avdeling, mellom anna var det ei avdeling frå fotballklubben Hearts og ei frå Middlesbrough, seier han.

Fotball

  • Botheim matchvinner etter at «Tokki» mistet hodet

    Tokmac «Tokki» Nguen mistet de siste sju minuttene av storkampen mellom Djurgården og Malmö etter at han fikk rødt kort. Så ble Erik Botheim helten på overtid.

    – Det var en kjempetøff kamp med høy temperatur. Vi visste at det var marginer som ville avgjøre det, sa Botheim til Discovery og fortsatte:

    – Det er dritdeilig. Overtidsscoring borte mot Djurgården, får man noe deiligere enn det?

    Kampen tok fyr i sluttminuttene med en nordmann på hvert sitt lag i hovedrollene.

    I 82. spilleminutt på stillingen 0-0 var Nguen på vei gjennom, men ble stoppet av Malmö-forsvarer Derek Cornelius.

    Cornelius jublet hemningsløst over Nguen, som svarte med å løpe ned canadieren og fikk raskt det røde kortet.

    – Jeg spurte linjedommeren hvorfor jeg fikk rødt, og da sa han at jeg slo. Det er helt feil, sier Nguen ifølge TT og forklarer:

    – Det første instinktet var å jage ballen, men så sto han der. Han provoserte meg, og jeg gikk med på det.

    Det skulle vise seg å bli skjebnesvangert for vertene, for tre minutter på overtid stanget Botheim inn matchvinnerscoringen for Malmö. (NTB)

    Fotboll, Allsvenskan, Djurgården - Malmö FF
    Foto: BILDBYRÅN
  • Arne Slot: – Jeg vil til Liverpool

    Feyenoord-trener Arne Slot legger ikke skjul på ønske om å bli Jürgen Klopps etterfølger som Liverpool-manager.

    – Det er ingen hemmelighet at jeg vil til Liverpool, iser Slot til ESPN like før Feyenoords kamp mot Go Ahead Eagles torsdag kveld.

    – Feyenoord og Liverpool er i forhandlingssamtaler. Jeg venter på hva som kommer ut av det. Jeg er selvskikker, og venter på at klubbene skal komme til enighet, fortsetter Slot.

    Nederlenderen har de siste dagene blitt sterkt koblet til Liverpool-jobben når Klopp forsvinner etter sesongen.

    Den nederlandkse storavisen De Telegraaf har skrevet at Feyenoord kan kreve opptil 15 millioner euro for Slot, som har en kontrakt med klubben som går ut sommeren 2026.

    Liverpool-kaptein Virgil van Dijk har snakket varmt om landsmannen som en potensiel manager.

    – Jeg synes han spiller på en måte og med en sånn filosofi at han kunne vært Liverpool-manager. Vi får se. Neste år kan vi fokusere på det, sa van Dijk til nederlandske Viaplay onsdag.

    Arne Slot
    Foto: Russell Cheyne / Reuters
  • Vålerenga-spissen slo tilbake i enkel cupseier

    Vålerenga hadde få problemer mot 3.-divisjonsklubben Oppsal og gikk videre til 3. runde i cupen etter 4-0-seier. For Mees Rijks ble det en liten revansj etter helgens utvisning mot Lyn.

    Rijks ble slaktet av egen sportssjef etter sitt røde kort i helgens byderby. Nederlenderen ble utvist på stillingen 1-0 til VIF, og kampen endte til slutt 1-1.

    Torsdag fikk Rijks æren av å score Vålerengas siste i 4-0-seieren mot Oppsal.

    – Det har ikke vært lett de siste dagene siden det røde kårtet. Sånn er spillet. Det har vært en spesiell uke, sier Rijks til TV 2.

    Tidligere i kampen hadde Jones El-Abdellaoui, Vegar Eggen Hedenstad og Aleksander Hammer Kjelsen scoret Vålerengas tre første mål.

    Neste uke får Vålerenga besøk av Tromsø i cupens tredje runde.

    De to siste eliteserielagene var også i aksjon torsdag kveld. Med Fredrikstad og Sarpsborg 08 sine avensement røk ingen av de 14 gjenværende klubbene fra øverste nivå ut i andre runde.

    Fredrikstad tok seg videre etter 5-2-seier mot Eik Tønsberg. Laget fra Plankebyen får besøk av Rosenborg i neste runde.

    Sarpsborg 08 gjorde jobben med sin 2-1-seier mot Hønefoss. Østfold-laget møter Råde borte i runde tre.

    NM i fotball 2024: Oppsal - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB
  • Får ha gummigranulat på Grefsen stadion

    Kjelsås Idrettslag får unntak fra det lokale forbudet mot gummigranulat i nytt kunstgress når Grefsen stadion skal rehabiliteres.

    Arbeiderpartiet og Høyre sikret flertall for Fremskrittspartiets forslag om å gi dispensasjon i bystyret onsdag kveld.

    Partiene mener at alternativene gir dårligere baneforhold vinterstid og viser til at Skeid og Lyn har fått samme unntak tidligere.

    Frps Magnus Birkelund sier at toppfotballen må likebehandles.

    – Når Kjelsås Idrettslag er en del av topp-fotballen må de kunne forholde seg til de samme reglene som andre klubber på tilsvarende nivå, sier politikeren.

    Kunsgressbane med gummigranulat
    Foto: Lars Thomas Nordby / NRK
  • Alle eliteserielagene videre i cupen

    Flere eliteserielag var i trøbbel underveis i cupens andre runde, men samtlige av lagene som var i aksjon onsdag tok seg videre til tredje runde.

    Lillestrøm slapp virkelig med strekken mot Strømmen. Etter at Lillestrøm ledet 5-1 med en halvtime igjen, kom Strømmen voldsomt tilbake og kampen endte 5-4 til Lillestrøm.

    Brann fikk en marerittåpning og lå under 0-1 mot Askøy, og til pause sto det 2-2. I den andre omgangen sikret imidlertid Brann en sikker 5-2-seier.

    Viking lå under 2-3 for 4.-divisjonsklubben Torvastad, men en sen snuoperasjon sørget for 4-3-seier for siddisinene.

    Rosenborg vant 3-1 borte mot Ull/Kisa, Bodø/Glimt vant 2-0 over Junkeren, mens Molde dro i land en sliteseier med 2-1 over Strindheim.

    I tillegg har Tromsø, Kristiansund, KFUM, HamKam, Odd og Strømsgodset tatt seg videre.

    Haugesund og Sandefjord røk begge ut i første runde. Fredrikstad og Sarpsborg 08 spiller først torsdag, mot henholdsvis Eik Tønsberg og Hønefoss.

    I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland