David Beckham nektar for at han har signert ei ny kontrakt med Real Madrid.
Apparatet rundt verdsstjerna stadfestar likevel at partane skal klarlegge framtida i løpet av september.
- Han har ikkje skrive under ein ny avtale, men vi skal møte Real-leiinga i løpet av september. Det sa ein talsmann for 31-åringen mandag ettermiddag.
I følge talsmannen har partane eit godt forhold og ein vil at David Beckham held fram i klubben.
Engelskmannen sin kontrakt med Madrid- klubben går ut etter den komande sesongen. Den spanske avisen Marca skreiv mandag at Beckham allereie hadde forlenga kontrakten med Real Madrid.
Lite suksess i Spania
Superstjerna kom til klubben frå Manchester United i 2003, men har enno ikkje vunne noko i Spania.
Dersom Beckham og Real Madrid ikkje einast, kan spelaren starte forhandlingar med andre klubbar i januar.
Den tidlegare engelske kapteinen har ikkje fått tillit på landslaget etter at Steve McClaren vart sjef.